Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

mandag 5. juli 2010

Pause nei?

Fekk ei byge med skrivelyst, og tenkte at eg kunne dele litt av det som har skjedd i heimen siste tida. Me har ikkje berre tenkt bryllaup, det har vore tid til litt anna innimellom ;-)





Søndag for 14 dagar sidan var me på tur til Berkneset, der har Tussa eit naust med båt me kan låne. Båten er for tida under rehabilitering, men att med naustet er ei lita fin vik, med steinstrand og grillplass.









Kledde godt på ungane før me reiste heima. Det var kald vind og litt surt, men når me kom ned til sjøen var det faktisk VARMT! Ungane var ikkje seine å be når dei fekk lov å bade. Og dei heldt ut ei heil stund. Me grilla og kosa oss, fiska litt og sola oss. Ein heilt herleg søndag i lag med familien!



Så var det jonsokfeiring på ungdomshuset fram i Vassenden. Det er alltid like kjekt å kle seg ut!! I år var det prinsesser, draculadame, alpebudeie og indianerpikkolo:-)


So var det endeleg Asgeir sin tur...min hærrlige SUPERMANN!!! Dagen var fartsfylt med gokart, havrafting og dirigering av bilar på Festøy-Solevåg...Say no more!!! Han hadde det i allefall heilt HIVENS!!! (Ekje han fine???)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)