Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

søndag 1. august 2010

Endeleg heime igjen!

Turen heim til gamlelandet gjekk veldig bra. Me kom heim onsdagsnatta, etter ein lang dag med køyring. Bilen gjekk som ei klokke heile vegen!!!...fekk sikkert svenskesykja...:-)

Ferien er på hell og i morgon er det barnehagetid igjen for dei to minste. Mary Ann går og tel ned dagane til bursdagen sin 11.august, og har store planar for feiringa!

Har ikkje fått fleire bilete frå bryllaupet, og dersom nokon har litt bilete, så send meg gjerne! Håper der er nokon som har filma i kyrkja...det ergrar meg litt at eg ikkje fekk folk til å gjere. Dersom du har ein filmsnutt, så vil eg gjerne ha den!! Musikken er litt vanskeli å feste på bilete :-)

Håper alle mine lesarar har hatt ein fin sommar, sjølv om det har vore kaldt og vått og lite sol. Me får håpe på ein Indian Summer til hausten!! :-)

Kjem med feriebilete om ikkje lenge!

1 kommentar:

  1. Flott de har kosa dykk på ferie :)
    Og bryllaupet verka heilt fantastisk :)
    Det ligg ei lita utfordring til deg på bloggen min :)

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)