Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

onsdag 29. september 2010

"Blåtur" til Tallinn




I helga har eg vore på "blåtur" med damene på Nevrohjemmet. Flyet gjekk frå Vigra kl 06.30 fredags morgon...Mange trøtte tryne å sjå :)


Det var flybytte i Riga, propellfly (Fokker 50) til Tallinn. Mindre enn Dash 8, gamlare enn "Kråka"... Turbulens var ikkje artig i eit så lite fly kan ein sei...




Her ventar me på bussen inn til Tallinn by.



I gamlebyen finn ein Alexander Nevsky-katedralen med sine karakteristiske løkspir.
Katedralen er russisk-ortodoks, og me fekk gå inn å vere med på ei føremiddagsmesse. Det var ikkje lov å ta bilete inne.
Det var utruleg flott inne, med gullforgylte altertavle, veggmaleri og ein fantastisk himling! Vart nesten litt religiøs av stemninga og alle inntrykka.


I eit smug mellom Den Hellige Ånds Kirke, og Dominikanerklosteret fann me ein liten kafè, kjend for sin kakao med ingefær og vanilje. Dessverre fann vi ikkje ut det før etter at alle hadde drukke ein kopp kaffi og ete ei mektig sjokoladekake! :)



Så var det meg og middelalderhistorie og gamle hus... I gamlebyen kunne me gå rundt i trange gater og smug. Utruleg spennande å gå rundt å sjå gamle byggverk og drøyme seg tilbake til svunne tider.



Siste kvelden hadde me bestilt bord på ein russisk restaurant. Der fekk me servert russisk tapas! Veldig god mat, og flott russisk underhaldning. I tillegg fekk me servert iskald vodkashot i frosne glas frå to meters høgde! Ikkje akkurat karsk og konnjøl nei!

Søndagskveld, eller natt, kl 00.30 var eg endeleg heime. Heilt fullstending ferdig!
Kjekt med ein tur å lufte seg, men desto betre å kome heim til si eiga seng og stove, og ikkje minst, ØRSTAVATN!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)