Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 14. september 2010

Nytt bilete i headeren

Har styrt og endra litt på bloggen. Bildet på headeren vert ikkje bra uansett kva eg gjer. Nokon som kan forklare meg enkelt og greit korleis eg kan dele headeren opp slik at eg kan ha fleire bilete?

Er og blir ein trenøve når det gjeld sånn dataduppedingsestyr...
Har sett fleire bloggar med flotte headarar, men fattar ikkje korleis eg skal lage det sjølv.
HJÆLP!

4 kommentarer:

  1. Skulle gjerne hjelpt dej, men ej e like trenøva ej me so det ekje noke tess...

    SvarSlett
  2. Eg sette saman bilda i min header ved hjelp av Picnic, ei nettside. Lagra det på maskina og lasta det opp som eit vanleg bilde til bloggen. Endra litt på måla for headeren for å få det i rett str. Slett ikkje sikkert den enklaste måten, men einaste eg med mine skarve evner fann ut av... :)

    SvarSlett
  3. Tusen takk for strikketips! Men om du er trenøva med data, så er eg trenøva med strikking... Derfor må ej spør (litt flaut, men sånn e det...): Eg legg opp tre maskar, og så skal eg auke på kvar omgong. Betyr det at eg skal strikke fram og tilbake, og så auke ein berre på ein sida? Eller skal eg starte med å auke ein, strikke bort pinnen, snu strikket og strikke, auke ein og strikke tilbake? Det høyrest ut som det mest fornuftige, kanskje???? Ser for meg at det er einaste måten å få trekantform på???

    Og du???? Biletet du har av deg og husbonden i headeren din no, er så utruleg fint! Trur nesten ikkje eg har sett finare! Får skikkeleg godfølelse av å sjå på det!!!!

    SvarSlett
  4. Takk for god forklaring! No har eg forstått det!!! Må berre strikke ferdig ein genser fyrst, så skal det nok verte produksjon av sjal. Eg er storforbrukar av sjal, og så er det så kjekt å ha å gi vekk. Veldig kjekt om du filmar og legg ut på bloggen din, ja! Heilt sikkert fleire enn meg som vil setje pris på det!

    Ha ein fin søndagskveld!

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)