Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

onsdag 10. november 2010

HEIA AaFK!!!!


Å eg so ikkje lika fotball då...vart nesten biten av basillen i går.
Eldste tausa kom heim frå skulen so kry over si ny AaFK-hue og plakat av Jonatan Parr og CD med AAFK-songar.

Benedicte som går i 1.klasse på Åmås, var på kamp på CLS då ho fekk frisparkballen frå Parr rett i ansiktet. Rett på legevakta der dei konstaterte at det hadde gått bra, men ho hadde fått ei skikkeleg smell!

Ei veke etterpå kjem AaFK sin Parr til vesle Åmås friskule med "unnskyld"-gåve til alle elevane! Det må eg sei er veldig flott gjort av AaFK. Trur dei sanka seg nokre fleire supportera der ;)



Eg synest broren til Benedicte hadde tidenes kommentar då han kom på skule dagen etter kampen:

"Benedicte kjem ikkje i dag, ho fekk ballen i ansiktet."
"Uff, kor det gjekk då?" repliserte læraren,
"AAFK vann 3-1!" svarte broren!!!!

HA HA HA!!! ;)

Neste gong skal eg og heie på AaFK!!!

Les frå smp.no her og sjå frisparket som traff Benedicte! http://fotball.smp.no/eliteserien/article185408.ece

1 kommentar:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)