Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

mandag 22. februar 2010

Skitur til Mosetra.




I går hadde me oss ein flotte tur til Mosetra. Hadde aldri trudd at me kom til å kome oss heilt opp, men der tok eg grundig feil!! Astrid trur eg var utstyrt med rakett i baken, ho gjekk som eit olja lyn, og dei sure minene låg igjen heime!!

Sigrid kosa seg i pulken. Der var det varmt og godt. Eit stykke før me kom opp måtte også ho få kome ut å strekke på beina.
Mary Ann måtte snu eit godt stykke før me kom opp til setra, då vart naturens kall for påtrengande. Men me hine fekk ein flott tur.




Tone og Gunnar med familie var også med. Då me kom opp på setra fekk me kom inn i hytta til Gunnar sine foreldre. Der fekk me varma oss og tørka sko og klede. Det var kjempegreier!



Føret var heilt topp, og det er trakka vei heilt opp på setra. Turen heim vart skym, men veldig fin! Dette gjer me gjerne oppatt snart :-)

4 kommentarer:

  1. Såg ut som en koslig tur... klar for klubb torsdag? :)

    SvarSlett
  2. KJekke tur! Men ho Mary Ann, gjekk ho nedgjen åleine ho då?

    Ken so he klobb torsdag forestn??

    SvarSlett
  3. Åhhhh kor kjekt - minne mej om barndomen då eg og Stein Ove var med pappa på utallige skiturer til sætra. Huskar spesiellt ein gong då vi overnatta i hytta til Jonny Gran (det er Frode som eig den no). Det var eit forrykande snøvær og turen nedatt vart uhyre spennande med snøfonner som susa i fjella. Husk at det er no du lagar dei gode minna til dine ungar:-))
    Klem Jannetove

    SvarSlett
  4. Ja Mary Ann susa seg heim aleine. Då var det heldigvis lyst...Janita skulle kome å møte ne, so det va ingen fare:-)

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)