På vei fram til Mossetra, kan ein velje å gå "gamlevegen". Den startar heilt nede ved Askjellhaugen gravplass og går frametter elva. Dette er ei vandring i historisk terreng. Å tenkje på at folk har gått der med hest og slede for fleirfaldige år tilbake er ikkje anna enn utruleg å tenkje på. Gamle steinmurar og spor etter gamle reser viser igjen i terrenget. Det er flatt og fint å gå, av og til noko vått, men trolsk og spanande!!
Når ein kjem "fram i bakkjen" der stigninga opp til setra byrjar, kan ein finne ei gammale tuft. Då folket på Mo gjette krøtteret fram i Mosdalen, laga dei seg "vakjarhus" til å opphalde seg i om natta. Tufta av eit slikt vakjarhus ligg i skogen nedfor setrevegen.
Det er fascinerande å stå der å sjå å tenkje på kor folk i dei hine hårde dagar levde og arbeidde. Går ein setrevegen, kan ein sjå fleire av vårfjøsane som står langsmed vegen. Somme kan ein gå inni. Spor etter folk og fe sit i veggane og vitnar om ei tid som var.
Det er mykje historie i nærområda våre. Dessverre har mange lita eller inga interesse i å ta vare på denne historia, og å fortelje ho vidare til neste generasjon. Håpet mitt er at nokre likevel fortel historia vidare. For det er utruleg spanande!
Her kom me oss på setra. Ei runde med "seitsing" er opplysande og spanande. Pappa med "Rambjørhonnje" i bakgrunnen.
Hei! Kjekt å lese om "gamle tide" Asbjørg... ej fylle me dokke, so det e berre å blogge i vei!! :)
SvarSlett