Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

mandag 26. oktober 2009

Vafle på gamlemåten...

For nokre år sidan fekk eg ein idè om å lage ein gapahuk i skogen. To veggar med tak er alt som trengs, og vips så har ein eit lite krypinn i skogen.

Me laga ei stor og god grue, som fyrst og fremst var tenkt til å spidde pølser over. Med ei gammal grillrist og heimelaga svartkjelhaldar, så har grua vore brukt til meir enn berre pølser.
Med litt planlegging har eg kokt heimelaga blomkålsuppe på bålet, og pannevafler har vorte steikte i steikepanne. Julafta i fjor hadde Asgeir med seg jentene, og julebesøket frå Bergen og kokte graut i gapahuken!! Snakk om julestemning!

No har eg vore på utkik etter eit gammalt vaffeljern til å bruke på bål. For 14 dagar sidan fekk eg tips om at på bruktbutikken hadde nokre sånne liggjande. Eg reiste sporenstreks ned, og fekk kjøpt herlegheita for 50kr!!! Eit ekte Jøtuljern, med store gode hjerteformer.


Vel heime sette eg i gong ein massiv prosess med å få vaska vekk fastbrent fett. Med Mr Muscle gjekk det meste vekk, resten skal brennast vekk over open eld.



Så var det tid for å prøve sakene.




Og slik vart resultatet!!




Med ekte skogskaffi til, og under open himmel, smakte vaflene himmelsk!!



Neste prosjekt i gapahuken vert å lage fleire sitteplassar med tak over. Mange vil vere med på tur, og tanken er at alle skal sitte turt og lunt. I løpet av hausten skal eg prøve ut enda ein skatt eg har fått, ein miniwok! Med litt planlegging, blir det om ikkje så lenge, sett i stand eit herremåltid i skogen! Gler meg!!!

3 kommentarer:

  1. Ej blir gjerne med på skogstur å ete vafle og kaffi en dag Asbjørg.. ditta såg deilig ut! ;)

    SvarSlett
  2. Kor kosele! Dokke e so flinke!! Blir gjerne med og testa båltakka mi en dag...den ligge ubrokte inni skåpa her...:-/

    SvarSlett
  3. Båltakke ja...de ha vore stili å prøvd! Svele på bål!! NAM!!

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)