Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

fredag 8. mai 2009

Sjuklingar...

Jaja....so greidde me å drage på oss sykja også...

I frykt for å gjere nokon kvalme, ja det er spyå eg snakkar om.
Heile dagen har gått i bøttetømming, cola og potetgull, litt blåbærsaft med helsekost i, og soving. Til og med husbonden ligg rett ut, han som aldri plar vere sjuk!! Jau bank i bordet...

No skal eg tilbringe natta på stova i godstolen, med minsta på fanget og bøtta på golvet. Alt rundt meg innan rekkjevidde, og eit lite håp om at denne gongen var den siste kula...

Så får eg be til høgare makter om at eg slepp unna denne gongen, for det er verste sykja ein kan drage på seg.

jaja...vi får håp at det blir likar i morra...

3 kommentarer:

  1. God bedring alle sammen!! Å ej håpe ej ikkje fe det.... men ej hekje hatt det på fleire år.... :)
    Men kremt.. bank i bordet.... :)

    SvarSlett
  2. No he han oldefar vore innom bloggen å sett ka dokke styre med fram på dala.

    God betring til dokke.

    SvarSlett
  3. Offa! Spysjuka er til å spy av! ;)
    Håpar at dokke har friskna til att, og at "sykjå" har gjort frå seg i barnehagen for denne gong...vil ikkje ha den i hus!!
    Takk for kjekk kommentar:)

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)