Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

fredag 15. mai 2009

Når uhellet er ute...

Då er det godt å få litt hjelp... Onsdag var eg på seinvakt, og hadde avtale med mi kjære mor at ho kanskje skulle sitte på heim etter fjellturen ho var på. Tida nærma seg for at eg skulle fare og eg ringde ne mor for å høyre om ho fortsatt skulle vere med.


"Ja nei ej e på vei til Volda igjen på røntgen, so du kan no kanskje kome dit opp å hente mej? Ej glei og datt på vei ned frå Rotsethornet, og vrikka ankelen."


Oi sa eg og tenkte at det var sikkert ikkje godt og lurte på korleis ho hadde komt seg ned frå fjellet og heim. Kjekke og sterke mannfolk i Volda kommune og snille kollega som troppa opp med bil for å køyre henne til lege i Ørsta og tilbake til røntgen i Volda...


Dokter?? Nei, ho skulle ikkje til nokon dokter, ditta går over det når ho berre fekk kome seg heim å dusje å kvile seg litt. Men dokter vart det, når sjåføren også, heldigvis, var av den stirrige sorten!!


Jau røntgen måtte til, så eg køyrde til sjukehuset for å hente henne, tenkte at det var vel ei forstuing og at dei surra med linde etter beste evne.






På sjukehuset vert eg møtt av radiograf Kalland, "det er nok eit brudd i ankelen, men det står fint, men legen vil ha bilder av heile leggen og kneet også..." Javel seier eg, og der kom ho mor. I rullestol og foten rett fram. Sveitt og skita etter fjelltur, og eit lite snev forbannja..."ditte her hekje ej tida til, hakje tenkt at ej skolde hit ej!!" grrr...snerr..
Nei det hadde du vel ikkje tenkt. Men det var no bra at en kvan meinte at du skulle!!




Nye bilder viste ingenting heldigvis, så det vart ikkje verre enn kva ein trudde. Ortoped Topphol kjem inn for å undersøkje, og seier "me må nok gipse, sjølv om det er på grensa, det vil vere det beste."





Det hjalp lite å protestere, sjølv om ein prøvde...Gipslasken vart lagd på under nøye observasjon av dottera:-)


"Ej skolda no fått vaska foten før han vart gipsa...søren ta...fe no ikkje dusje mej heller no!!"

"So må du no regne me et par veke sjukmelding" sa legen... "TO VEKE??? DE KJØME IKKJE PÅ TALE, DE HEKJE EJ TIDA TIL!!!" var svaret han fekk tilbake. Så med litt tilrettelegging var dama på plass igjen på jobb på torsdag.


Så moralen er mine venner, ha alltid med gode venner på tur, gjerne store sterke kara. Sats på at sjåføren heim er stirrig og køyrer innom legen på veg heim. Det kan fort løne seg.
Og sist men ikkje minst; bit tenna i hop å gå på jobb dagen etterpå, du er uunnværlig!!!!
(ikkje meint som anna enn godhjerta mobbing mamma! :0))

2 kommentarer:

  1. Heite de...stakkars, stakkars mamma`en din!
    Godt det ikkje gjekk enda verre. Eg veit ikkje kva eg kan bidra med, men skulle ho kjede livet av seg -der ho sit med beinet høgt- så har eg alltids eit halvferdig broderi frå 6. klasse ho gjerne kunne fått fullført...;-)

    SvarSlett
  2. hehe.. godt skrive.. Ho kunne no tatt sej noken daga på en stol om ikkje anna :))

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)