Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

torsdag 28. mai 2009

Kvardagskunst?

Eg tek utfordringa til www.tovehd.blogspot.com, og legg ut bilete av vår kvardagskunst.
Definisjonen på kvardagskunst varierer mykje frå person til person.
Her er min definisjon!

Ein bukett løvetann, like vakker som ein bukett roser...


Kunsten å halde bunadane reine på to tauser som likar seg betre under molda enn over!!


Mi kjære bestemor på 92år(!)sit og hakkar gryteklutar til heile familien. Det er kvardagskunst på rett!!!


Ingen andre kunstverk kan måle seg med dette. Gullungane i sin søtaste søvn.

3 kommentarer:

  1. For eit herleg bilete det siste her!!!
    Dei var fine dei andre også, men det siste var spesielt koseleg:)
    Ha ei fin pinse i Solmundgarden!

    SvarSlett
  2. Mykje flott kunst du har heime med deg:) Og eg er enig i at den største kunsten er små gull som søv. Finst ikkje beire enn det :)

    SvarSlett
  3. Fantastisk kunst!
    Gullungane er jo bedårande, løvetannen er trufast og enkel i drift - og mold på bunaden er eit sunnhetstegn.
    Men det som gleda meg mest er at bestemora utøver kvardagskunst enda! ;-D

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)