Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

mandag 4. mai 2009

Bakings!!

Måtte berre skryte litt av dei SNYTA gode horna eg baka her eine dagen, eller honnj som me sei fram på dalè. Fekk brått eit anfall av bakelyst, då frysaren var tom for brødmat.











"Honnja" er fort gjort å lage, og ein får rundt 40 stk av ei deig.
Når dei er nysteikte og varme, er dei kjempegode med eit par sneier kvitost inni!
Rett og slett SNYTA go!:-)








Med nokre posar med slike horn i frysaren, har ein alltid noko godt å servere, enten til gjestar eller til ein god søndagsfrukost. For å få variasjon, kan ein ha reven ost i deigen, eller fylle horna med pizzafyll. Kjempegodt!!

1 kommentar:

  1. Mmm, kor svolta ej vart...kjøme gjerne på besøk en dag ej..;-)

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)