Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

onsdag 24. juni 2009

Heime aleine...igjen...

...i allefall nesten. Husbonden har pakka kofferten igjen og har lagt ut på langtur. No er det trekkspel-NM på Orkdal som gjeld.
Ho mor må vere igjen heime å gjere unna resten av turnusarbeidet, før fire veker ferie ventar frå mandag av!(eller søndag ettermiddag :-))

Takk og pris for svigermor som stiller opp som barnevakt medan eg er på jobb. Det hadde aldri gått utan ho!! Takka vere henne, ligg jentene no i sin djupaste, søtaste søvn. Det er godt å vite at dei er i trygge hender hos Besta:-)

Likevel gler me oss stort til søndag når papsen kjem heim!!! :-)

Ynskjer Åmdal trekkspelklubb lykke til i NM!!

torsdag 28. mai 2009

Kvardagskunst?

Eg tek utfordringa til www.tovehd.blogspot.com, og legg ut bilete av vår kvardagskunst.
Definisjonen på kvardagskunst varierer mykje frå person til person.
Her er min definisjon!

Ein bukett løvetann, like vakker som ein bukett roser...


Kunsten å halde bunadane reine på to tauser som likar seg betre under molda enn over!!


Mi kjære bestemor på 92år(!)sit og hakkar gryteklutar til heile familien. Det er kvardagskunst på rett!!!


Ingen andre kunstverk kan måle seg med dette. Gullungane i sin søtaste søvn.

onsdag 27. mai 2009

På gamle tomter...


På vei fram til Mossetra, kan ein velje å gå "gamlevegen". Den startar heilt nede ved Askjellhaugen gravplass og går frametter elva. Dette er ei vandring i historisk terreng. Å tenkje på at folk har gått der med hest og slede for fleirfaldige år tilbake er ikkje anna enn utruleg å tenkje på. Gamle steinmurar og spor etter gamle reser viser igjen i terrenget. Det er flatt og fint å gå, av og til noko vått, men trolsk og spanande!!

Når ein kjem "fram i bakkjen" der stigninga opp til setra byrjar, kan ein finne ei gammale tuft. Då folket på Mo gjette krøtteret fram i Mosdalen, laga dei seg "vakjarhus" til å opphalde seg i om natta. Tufta av eit slikt vakjarhus ligg i skogen nedfor setrevegen.



Det er fascinerande å stå der å sjå å tenkje på kor folk i dei hine hårde dagar levde og arbeidde. Går ein setrevegen, kan ein sjå fleire av vårfjøsane som står langsmed vegen. Somme kan ein gå inni. Spor etter folk og fe sit i veggane og vitnar om ei tid som var.



Det er mykje historie i nærområda våre. Dessverre har mange lita eller inga interesse i å ta vare på denne historia, og å fortelje ho vidare til neste generasjon. Håpet mitt er at nokre likevel fortel historia vidare. For det er utruleg spanande!



Her kom me oss på setra. Ei runde med "seitsing" er opplysande og spanande. Pappa med "Rambjørhonnje" i bakgrunnen.

fredag 15. mai 2009

Når uhellet er ute...

Då er det godt å få litt hjelp... Onsdag var eg på seinvakt, og hadde avtale med mi kjære mor at ho kanskje skulle sitte på heim etter fjellturen ho var på. Tida nærma seg for at eg skulle fare og eg ringde ne mor for å høyre om ho fortsatt skulle vere med.


"Ja nei ej e på vei til Volda igjen på røntgen, so du kan no kanskje kome dit opp å hente mej? Ej glei og datt på vei ned frå Rotsethornet, og vrikka ankelen."


Oi sa eg og tenkte at det var sikkert ikkje godt og lurte på korleis ho hadde komt seg ned frå fjellet og heim. Kjekke og sterke mannfolk i Volda kommune og snille kollega som troppa opp med bil for å køyre henne til lege i Ørsta og tilbake til røntgen i Volda...


Dokter?? Nei, ho skulle ikkje til nokon dokter, ditta går over det når ho berre fekk kome seg heim å dusje å kvile seg litt. Men dokter vart det, når sjåføren også, heldigvis, var av den stirrige sorten!!


Jau røntgen måtte til, så eg køyrde til sjukehuset for å hente henne, tenkte at det var vel ei forstuing og at dei surra med linde etter beste evne.






På sjukehuset vert eg møtt av radiograf Kalland, "det er nok eit brudd i ankelen, men det står fint, men legen vil ha bilder av heile leggen og kneet også..." Javel seier eg, og der kom ho mor. I rullestol og foten rett fram. Sveitt og skita etter fjelltur, og eit lite snev forbannja..."ditte her hekje ej tida til, hakje tenkt at ej skolde hit ej!!" grrr...snerr..
Nei det hadde du vel ikkje tenkt. Men det var no bra at en kvan meinte at du skulle!!




Nye bilder viste ingenting heldigvis, så det vart ikkje verre enn kva ein trudde. Ortoped Topphol kjem inn for å undersøkje, og seier "me må nok gipse, sjølv om det er på grensa, det vil vere det beste."





Det hjalp lite å protestere, sjølv om ein prøvde...Gipslasken vart lagd på under nøye observasjon av dottera:-)


"Ej skolda no fått vaska foten før han vart gipsa...søren ta...fe no ikkje dusje mej heller no!!"

"So må du no regne me et par veke sjukmelding" sa legen... "TO VEKE??? DE KJØME IKKJE PÅ TALE, DE HEKJE EJ TIDA TIL!!!" var svaret han fekk tilbake. Så med litt tilrettelegging var dama på plass igjen på jobb på torsdag.


Så moralen er mine venner, ha alltid med gode venner på tur, gjerne store sterke kara. Sats på at sjåføren heim er stirrig og køyrer innom legen på veg heim. Det kan fort løne seg.
Og sist men ikkje minst; bit tenna i hop å gå på jobb dagen etterpå, du er uunnværlig!!!!
(ikkje meint som anna enn godhjerta mobbing mamma! :0))

fredag 8. mai 2009

Sjuklingar...

Jaja....so greidde me å drage på oss sykja også...

I frykt for å gjere nokon kvalme, ja det er spyå eg snakkar om.
Heile dagen har gått i bøttetømming, cola og potetgull, litt blåbærsaft med helsekost i, og soving. Til og med husbonden ligg rett ut, han som aldri plar vere sjuk!! Jau bank i bordet...

No skal eg tilbringe natta på stova i godstolen, med minsta på fanget og bøtta på golvet. Alt rundt meg innan rekkjevidde, og eit lite håp om at denne gongen var den siste kula...

Så får eg be til høgare makter om at eg slepp unna denne gongen, for det er verste sykja ein kan drage på seg.

jaja...vi får håp at det blir likar i morra...