- Gjengen framma dala
- Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!
torsdag 9. desember 2010
Beklager!
Nederst på bloggen har eg filmsnuttar frå Honningsvågrevyen. Diverre er det slik at det kjem til videoar som ikkje har noko med den revyen å gjere i det heile.
No har det kome ein video med Harald Eia og Bård Tufte Johansen som harselerar med nazismen og Willilam Nygaard. Dette er ikkje ein film som eg med vetande og vilje har lagt til.
Eg oppdaga sjølv filmsnutten pga hakekorsa. Dette er ikkje noko eg står for eller synest er god humor.
Eg beklagar sterkt at denne filmen har kome inn på bloggen!
tirsdag 7. desember 2010
Tid for julekort...
Mary Ann gjekk seg frampå dette hjartet i snøen då me vassa i skogen for å finne juletre. Flott motiv for julekort :)
Eg har nysst lagt bak meg siste arbeidshelga dette året!! HÆRRLI!! Tre nattevakter på rad innbyd ikkje til meir enn soving, eting og jobb. Blir veldig asos av å gå so mange netter, men no er det snart juleferie! Har tre netter igjen før Nevrohjemmet stenger likkjejulafta, so då har eg fri heile jula, og det er himmelsk :)
Skulle lagt ved bilete av adventsstemninga i heimen...men akkurat no egnar ikkje huset seg på trykk ;) Til helga kanskje??
1.desember hadde alle tre jentene fri. Då pakka me i bilen og køyrde til Hovdevatnet for å prøve skeissene. Det var kjempeflotte forhold, men det var frykteleg kaldt. Heldigvis hadde me med oss kakao og ullteppe og det hjalp veldig :)
tirsdag 23. november 2010
Han vart ferdig før neste vinter-OL!!
onsdag 10. november 2010
HEIA AaFK!!!!
Å eg so ikkje lika fotball då...vart nesten biten av basillen i går.
Eldste tausa kom heim frå skulen so kry over si ny AaFK-hue og plakat av Jonatan Parr og CD med AAFK-songar.
Benedicte som går i 1.klasse på Åmås, var på kamp på CLS då ho fekk frisparkballen frå Parr rett i ansiktet. Rett på legevakta der dei konstaterte at det hadde gått bra, men ho hadde fått ei skikkeleg smell!
Ei veke etterpå kjem AaFK sin Parr til vesle Åmås friskule med "unnskyld"-gåve til alle elevane! Det må eg sei er veldig flott gjort av AaFK. Trur dei sanka seg nokre fleire supportera der ;)
Eg synest broren til Benedicte hadde tidenes kommentar då han kom på skule dagen etter kampen:
"Benedicte kjem ikkje i dag, ho fekk ballen i ansiktet."
"Uff, kor det gjekk då?" repliserte læraren,
"AAFK vann 3-1!" svarte broren!!!!
HA HA HA!!! ;)
Neste gong skal eg og heie på AaFK!!!
Les frå smp.no her og sjå frisparket som traff Benedicte! http://fotball.smp.no/eliteserien/article185408.ece
tirsdag 2. november 2010
Til minne om morfar og oldefar

Du var alltid glad når me kom på besøk, og kom alltid ned på golvet for å leike med ungane. Det var stor stas for ungane at oldefar ville leike, og dei elska deg for det.
I lag med mormor fekk du gode år i flott leiligheit på "Likkje-Vartdal" på Prestegardsmarka. Det var som å kome inn i stova på Vartdal, sjøl om det var heilt nytt og annleis. Og sjølv om snikkarbuda måtte stå igjen på Vartdal, så hadde du garasje der ting vart ordna og fiksa når dokke flytta til Ørsta. Alltid stilte du opp når nokon trengde ei ekstra hand. Det var aldri nei i din munn når me spurde om hjelp, og me er veldig takksame for det.
Me sitte igjen med berre gode minne. Dei skal me ta vare på og ta fram når saknet vert for stort. Det vil verte ofte...
Me e so glade i deg morfar og oldefar. Me vil alltid huske deg.