I helga hadde endeleg mamma og pappa tida til å ta ut trampolina frå vinterdvalen. Jentene var flinke å hjelpe til, og på eit lite blunk var trampolina klar til bruk igjen.
Mary Ann og Astrid Oline øva seg på salto, eller stupe kråke om du vil :-)
Dessverre hadde sikkerheitsnettet fått litt hard medfart i fjor, så mor måtte kjøpe McGyver-teip på mandag for å fikse det. Jentene fann fort ut at det var tryggast å vente til nettet var på plass, men når mamma og pappa passa på, hoppa dei litt likevel.
Søndag var det nydeleg vêr tidleg på dag. Me pakka i bilen og køyrde fram på Bondalseidet. Ikkje for å gå på ski nei...he he. Der ligg eit lite vatn, Videtjørn. Der skulle me prøve fiskelukka for første gong i år. Dessverre var det kun botnalaks å få. På mest alle kasta gjekk sluken i botn, og på siste kastet til Mary Ann, kom sluken aldri på land igjen. Då var det godt at bestefar nett hadde kjøpt nye slukar!!
Sjølv om det var sol, var det ein fole kald vind, men me kosa oss i lyngen med nistemat og kakao. Og når ein la seg heilt med i lyngen var det eigentleg varmt og fint. Etter eit par timar reiste me heim, tomme for fisk, men rike på nye vårgjele!!
Neste gong får me håpe det er både fisk å få, og lite vind!

