Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 21. april 2009

Endeleg vår!




I helga hadde endeleg mamma og pappa tida til å ta ut trampolina frå vinterdvalen. Jentene var flinke å hjelpe til, og på eit lite blunk var trampolina klar til bruk igjen.

Mary Ann og Astrid Oline øva seg på salto, eller stupe kråke om du vil :-)

Dessverre hadde sikkerheitsnettet fått litt hard medfart i fjor, så mor måtte kjøpe McGyver-teip på mandag for å fikse det. Jentene fann fort ut at det var tryggast å vente til nettet var på plass, men når mamma og pappa passa på, hoppa dei litt likevel.

Søndag var det nydeleg vêr tidleg på dag. Me pakka i bilen og køyrde fram på Bondalseidet. Ikkje for å gå på ski nei...he he. Der ligg eit lite vatn, Videtjørn. Der skulle me prøve fiskelukka for første gong i år. Dessverre var det kun botnalaks å få. På mest alle kasta gjekk sluken i botn, og på siste kastet til Mary Ann, kom sluken aldri på land igjen. Då var det godt at bestefar nett hadde kjøpt nye slukar!!

Her må pappa hjelpe til å feste sluken.

Sjølv om det var sol, var det ein fole kald vind, men me kosa oss i lyngen med nistemat og kakao. Og når ein la seg heilt med i lyngen var det eigentleg varmt og fint. Etter eit par timar reiste me heim, tomme for fisk, men rike på nye vårgjele!!

Neste gong får me håpe det er både fisk å få, og lite vind!

3 kommentarer:

  1. Der var du ja! Fann deg inne med Tove;)
    Kjekt at du har laga deg blogg, dette har du taket på ser eg:)
    Har du oppdaga Windows Live Writer? Der har du større moglegheiter når du skal lage innlegg, eg likar godt det programmet, enkelt og greit når ein har fått installert det.
    Kjekk tur dokke har hatt ved Videtjørn!

    SvarSlett
  2. Hmm... so det va derfor bilen dokka stod ned med den orange hytta altso,... ej tenkte det va dokka sin, men so igjen... Koffor der? :)
    Men det fekk ej svar på her..... :)

    SvarSlett
  3. No har bestemor vore innom bloggen å kika på både gardiner og vårtur i lyngen. Bra! :-)

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)