
No er endeleg våren her, og det ligg ei forventing om sol og godt vêr i lufta. Det sikraste vårteiknet nest etter snøklokker og kvitveis, er dekkskifte!!
bilda er lånt frå Sharif.no
Her ser du dekk og felg som eg bestilte.
No må eg berre bryte i hop og tilstå, at en fin, rein bil med stilige lettmetallfelgar er tøft. Uansett om det er familiebil eller sportsbil.
Så i går vaska me bilen, min kjære og eg, og i dag tidleg var eg inn på Sharif.no og bestilte nye sommardekk og nye lettmetallfelgar!!! Det reiv i lommeboka og bankkortet krympa to størrelsa, men steik kor kjekt det blir å stæsje bilen litt!!
Det beste ta alt er at eg hadde like mykje lyst på nye felgar som Asgeir, og at det faktisk var eg som slo til og kjøpte dei!!
Dersom du skal kjøpe nye dekk i år, vil det lønne seg for deg å gå inn på www.sharif.no. Alle prisane er inkl moms og frakt. Varene blir leverte hos Waagan Transport på Blindheim i Ålesund, og kjøper du dekk og felg, får du dei ferdig på balanserte på felg.
Hugs å sjekke vognkortet før du kjøper dekk. Der står det kva dimensjon dekka skal ha, og kva hastigheit dei er rekna for. Les om dekka og samle inn tilbod. Sats på kjende merke som Continental, Michelin, Firestone, Pirelli og Nokian framfor andre ukjende merke. Det lønner seg å bruke nokre 100-lappar ekstra. Du vil få mykje igjen for det når du startar køyringa. Du kan spare drivstoff, du får betre køyrekomfort og køyreeigenskapar, du vil få mindre dekkstøy og bilen vil ligge betre på både våt og tørr vegbane. Dessutan kan du ha dekka fleire sesongar, forutsett at køyrestilen din ikkje slit dei ut! :-)
Gler mej til nyedekka kjøme!!!!!!
Godt dekkskifte folkens!!

Ej gjor som dej Asbjørg, å kjøpte nye dekk i år! Det va like billig for mej å kjøpe nye dekk med felga, enn berre å kjøpe nye dekk... :)
SvarSlettNo mangla ej berre å vaske bilen, som du sei.. so blir den so god som ny! (Dersom en ser vekk i frå en dundrande frieksos og nokre flekka med rust!)
Og forresten, kjekke blogg du/dokke he! :)