Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

fredag 17. april 2009

Triveleg med besøk

Eg var nysgjerrig på om det faktisk var folk som var inne å kika på bloggen min, difor laga eg til ein besøkstellar. ( Ein kjedeleg ein sådan, men den fungerar:-))
Til mi store overrasking auka talet på besøkande for kvar dag. Det synest eg er kjempekjekt, og veldig spanande!! For kven er alle dokke som er inne på bloggen? Dokke må gjerne legge igjen ei helsing og gi tilbakemeldingar på bloggen. Det er berre kjekt å sjå at det er andre enn meg sjølv som er inn på og kikar!

Frå å vere ei som aldri skulle lage blogg, har eg no vorte av dei som er inne kvar dag ein liten tur for å sjekke om det er nyhende. Kanskje har eg fått helsing frå gamle kjende som har funne link til bloggen min hos ein medbloggar. Kanskje har eg fått kommentar på bloggen min, eller rett og slett berre ser at talet på besøk har auka litt meir sidan i går. Veldig spennande!!

Eg håpar at eg etterkvart får litt meir dreis på å legge inn bilde og innlegg, og at bloggen blir representativ for meg og familien min. Det får vere eit av måla framover :-)

Fole kjekt om du vil legge igjen ei helsing på bloggen, men sjølvsagt ingen tvang! :-)

2 kommentarer:

  1. E her ej ja...me jamne myllårom;-)

    SvarSlett
  2. Hei Asbjørg - så kjekt at du har laga deg blogg!!! Tusen takk for gode tips ang. fargar... Er fullstendig i villrede, men no skal eg skrive ned alle tipsa eg får, og så skal eg ta meg ein tur til Sparkle-Petter og undersøke!

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)