Eg har endeleg kjøpt meg nytt kamera. Eller det vil sei brukt kamera. Ei god veninne av meg skulle selje sitt Canon EOS 30D speilreflekskamera, og eg slo til :)
No har eg hatt det sidan romjula og har leika meg og prøvd å finne ut av funksjonar, dingsar og duppedittar. Det er VELDIG mykje å finne ut av, og eg som ikkje likar bruksanvisningar har måtta bite i det sure eplet og lest...mykje...
Eg er ikkje på langt nær utlærd, og kjem nok aldri til å verte det heller. Men det er kjekt å kunne leike seg med å komponere bilete å vite at resultata nesten alltid vert bra!
Akkurat no låner eg eit objektiv med veninna mi. Det eignar seg best utandørs ettersom det er litt stort, 55-250mm. Er på leit etter eit litt mindre objektiv som gjer at eg kan ta betre bilete innandørs. Men dei er frykteleg dyre! Her hadde lottomillionane kome veldig godt med! :)

Her er eit lite utvalg frå kamera :)
Trenge ikkje koste skjorta med gode objektiv som gir gode bilete også inne.
SvarSlettSats på fast optikk! Døme: Canon 50mm f1,8. eller 50mm f1,4. Då mista du muligheta til å zoome, men du fe heilt andre bilete sida du må tenke meir komposisjon. Og i tillegg så er objektivet lite og lett, så treng ikkje drage rundt på tungt utstyr.
Eigentleg ein vinn-vinn situasjon, berre litt trening som må til. Eg brukar omtrent ikkje anna enn fast optikk, og har veldig stor glede av det!