Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 7. februar 2012

Motorsagmassaker for damer

Eg har då funne ut at eg skal verte eit skikkeleg kjæringemne. Sjølvhjelpt til fingerspissane. So i dag kl 12 skal eg møte opp på Felleskjøpet iført hjelm, sagbukse og vernesko. Då skal eg nemleg på motorsagkurs for damer!
Det skal verte meg eit artig skue. Eg som knapt har teke i ei motorsag...

Eg har nemleg 2 store planar i år. Må ha alternativ dersom plan A ikkje går. Plan B er å verte ein kløppar i å felle skog.
Plan A får de dessverre vite lite om enda, men eg har vore på kurs for å utvikle den planen også ;)

So då håpar eg at eg har to hender og to føter når eg kjem heim i ettermiddag... ;)

3 kommentarer:

  1. Eit kjæringeemne har du då alltid vore, Asbjørg! ;) Er vel få som vert overraska når du stiller på motorsagkurs, men GLAD på dine vegne vart eg :) Du er ei modig og tøff kvinne, og eg er spent på planen din.... God veke til deg :) PS, har du fri torsdag så send meg ei mld el noko om du vil møtast :)

    SvarSlett
  2. Tøfft å gå slikt kurs:-)) og så er eg fole spent på kva det blir til med den andre planen:-)) Lykke til iallefall - jannetoveklem

    SvarSlett
  3. Må sei ej va litt nervøs då ej møtte opp på FK... Men steik kor kjekt det va!! Fekk til og med me meg heim ei gratis sagbukse, mot at instruktøren fekk sage sønde mi gamle...uten mej inni so klart ;)

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)