Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

onsdag 11. august 2010

Mary Ann 10 år i dag!!

Ei jente med mange interesser, men fisking og badeliv står hjartet nærast.
Ei god jente som likar klem og kos med mamma og pappa, men som også synest det er godt å vere heimanfrå ei stund. Ei kjekk storesyste som likar å plage litt;) men som stort sett er flink å hjelpe småsystene. Ei jente som er på veg mot å verte ungdom.

Storejenta til mamma og pappa! Me e kjempeglade i dej Mary Ann!
Gratulere så mykje med dagen i dag! Gler oss til rekeaften i kveld i lag med heile familien!

1 kommentar:

  1. Gratulerer til både jubilant og foreldre!! :) Huska godt då ho kom til verda, faktisk satt eg og bladde i gamle billedalbum her ein dag, veldig fine bilder av nyfødde jenta og den stolte mora :D Håper de får ein nydeleg kveld. Klem

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)