Men det skulle ein ikkje tru. Snart ein meter med snø, tjukk snøkave og minusgrader minner lite om vår og at klokka snart skal skruast fram.
I staden lavar snøen ned, eg sit inne med spysjuke ungar, OL er eit tilbakelagt kapittel og Disney-channel har teke over kommandoen i heimen. Kan ikkje nekte for at eg no gler meg til sol, sommar og varme!!
Men for all del, eg synest me har hatt ein eineståande vinter. Ein slik vinter me berre har drøymt om i fleire år. Ikkje har me hatt slapseføre og regn, jau ein dag i løpet av etterjulsvinteren. Men stort sett har me hatt sol og skyfri himmel, knallføre på ski og fantastisk, fantastisk vinterver!
Om 4 veker er det påske, og påskeføret lovar bra. So satsar me på at det vert sol og varme i påska. Ein forsmak på sommar hadde gjort seg!! :-)
Ja ja, tilbake til verkelegheita...klysene vert fleire og eg går snart tom for salmiakk...
Hata spyå!!!
Offa, dinna sykjå e snart overalt!! Stakars dokke!!!
SvarSlettOg no e me bra klar for vår her me! Kjekt me godt skiføre alså, men no he no d vore vinter lenge nok...ej fe no ikkje gjort nåke anna enn å fyre, mann...
Velkommen sol og varme, og god bedring til dokke!!