Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

mandag 15. mars 2010

Blå swix....




Det spørs om det vert fleire turar på ski med sytalaus smøring. I heile vinter har det vore blå swix under skia, no er det snart påskeføre og klister som gjeld. Då vert det straks meir arbeid med å kome seg på ski.




Eg får heller dele siste turen på blå swix med mine lesarar. Sist det var sol frå blå himmel, gjekk eg lysløypa på Mo. Setraveien fram til siste vårfjøsen og ned på Daleteigen på veg heim. Då eg var mindre var det alltid her framme me gjekk på skitur. Løypene i år har vore kjempeflotte, og langrennsgruppa har gjort ein kjempejobb med å få opp lys og preparert løypene.




TUSEN TAKK FOR AT DOKKE LEGG TIL RETTE FOR FLOTTE SKITURAR!!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)