Janne Tove hadde ei utfordring til sine lesarar, den tar jeg!
Her er mi positivliste!
*Eg vert trøtt og lei bråk og rot frå ungane, men eg har tre flotte, friske, oppegåande og nydelege jenter!
*Eg har ein kjærast som er glad i meg, sjølv om eg er aldri så sur og grinete
*Eg har verdas beste svigermor
*Eg har flott natur rett utanfor huset
*Me kan ete oss mette kvar dag, sjølv om ikkje alt fristar like mykje
*Eg er ikkje flink til å drikke vatn, men kan servere det beste vatnet i verda kvar einaste dag
*Det er ikkje alltid eg har lyst til å gå på jobb, men eg har ein jobb å gå til
*Eg resirkulerer glas, metall, plast og papir, slik bidreg eg til eit betre miljø.
*Eg elskar å få andre til å le
*Etter 15 år skal me endeleg gifte oss!!
*I dag er det 10 plussgrader ute og sola har vore framme, det var deilig å gå uten jakke!
*Livet er herleg!
Tek du utfordringa???
Supert - gjer så godt å sjå si eiga og andres liste over positive ting. Mange flotte ting der som eg ikkje såg då eg laga mi:-)
SvarSlettKlem