Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

mandag 13. februar 2012

Investering


I fleire år har eg gått å hatt lyst på nye ski. Det er ei ganske tung investering som eg ikkje har teke meg råda til tidlegare. Skia har eg hatt i 16 år, so det var i grunnen på høg tid å få bytte dei ut. Ungane har alt dei treng av skiutstyr. Mange å arve etter og mange gode tilbod å handle på. Så i år var det mams og paps sin tur.

Eg har kika i fleire månadar, spurt og lurt, kika enda meir. Til slutt enda eg på ei nettside, vpg.no. (Vertical playground) Der fann eg ski med bindingar, til halv pris! Eit kupp for ein gneten sunnmøring!
Skia heiter G3 Soulfly 2011/12. Breie ski som eg kan gå på fjellet med om eg vil, og sjølvsagt vere med ungane på skiheisa og ha det veldig kjekt i bakkane der. Har prøvd dei nokre gongar på Bondalseidet, og dei her heilt annleis å renne med enn dei gamle skia... Godt utstyr har faktisk alt å seie for ferdigheitene i bakken. Folk kan sei kva dei vil, men det er berre fakta!

Asgeir har også ski som er over 16 år gamle, så når "orkanlønna" kom, so vart det jammen ski på han og! Han fekk G3 Saint 2010/11 med binding, til halv pris. Veldig kjekt å handle når ein finn slike gode tilbod.

Alpint er ikkje vår grein, så det vart telemarkski på oss begge. I tillegg kjøpte me nye sko, Asgeir fekk heilt nye Scarpa T2 EVO, medan eg kjøpte brukte Black Diamond Trance. Eg har ikkje fått prøvd skoa enda, men gler meg til kveldskøyring i morgon, då skal det testast!

tirsdag 7. februar 2012

Motorsagmassaker for damer

Eg har då funne ut at eg skal verte eit skikkeleg kjæringemne. Sjølvhjelpt til fingerspissane. So i dag kl 12 skal eg møte opp på Felleskjøpet iført hjelm, sagbukse og vernesko. Då skal eg nemleg på motorsagkurs for damer!
Det skal verte meg eit artig skue. Eg som knapt har teke i ei motorsag...

Eg har nemleg 2 store planar i år. Må ha alternativ dersom plan A ikkje går. Plan B er å verte ein kløppar i å felle skog.
Plan A får de dessverre vite lite om enda, men eg har vore på kurs for å utvikle den planen også ;)

So då håpar eg at eg har to hender og to føter når eg kjem heim i ettermiddag... ;)

fredag 20. januar 2012

Long time no see...

Stilt og fredeleg her inne på bloggen for tida. Har ikkje tatt meg bryet med å skrive innlegg frå jul heller... Jula kom og for slik ho gjer kvart år. Einaste forskjellen var at Asgeir var på jobb mest heile romjula. Sånn er det når ein jobbar med straum :)

Me kosa oss likevel, med stearinlys, familie og ein aldri så liten skalkefest ;)

No ser eg fram til eit nytt år som gir enda meir energi enn året som gjekk.
Eg har ingen nyårsforsett, men har som alle andre tenkt å trene meir, leike meir, besøke meir folk, osv osv. Eit steg i rett retning er at eg har kjøpt meg nye telemarkski. Dei eg har er 16 år gamle!! På tide at mor i huset kan spandere på seg skikkeleg utstyr!!! Må kunne halde fylgje med bonnja når dei er på Eidet veit de! Kjøpt på salg, så då svir det pittelitt mindre i lommeboka...

Har ikkje vore flittig med kamera heller siste tida. Alt har liksom vore eit ork og eit tiltak. Håpar det snart går over ;)

Sidan eg var så godt i gong med fine songar på bloggen, her er ein frå Ane Brun som er berre heilt nydeleg...

tirsdag 29. november 2011

Eg skal plukka dine drømmar til bakken blir bar...

Kaizers Orchestra har ein av dei nydelegaste melodiane eg har høyrt på lenge.
"Drøm videre Violeta" har ei fantastisk tekst som gir meg gåsehud kvar gong eg høyrer ho, og ein heilt nydeleg melodi.

Kaizers er vel kanskje mest kjend for oljefat, trøorgel og gassmaskerock. Men "Drøm videre Violeta" gav meg eit nytt syn på bandet. Mykje bra musikk berre ein set seg ned å høyrer litt.



Hands up. Pengene eller livet
Du stod og måtte telle til hundre
Og du såg mellom fingrane dine
Eg låg og lurte ein time i sivet
Om kvelden var du oppe på loftet og sang
månen var full og me ulte på han
Nettene var korte og dagen var for lang...
Det var magiske timer me hadde sammen den gong

Og du heiste meg til skyene og enda lenger opp
Eg var din akrobat og eg dalte alltid rett inni armane dine
Me måtte vert sommarfuglar om me skulle ha følt oss friare
Og far sto og smilte og vinkte ner på bakken og såg
Det var den gong då, me har det ikkje sånn lenger nå

Me dele på en hemmelighet. Drømmane dine som me grov ner.
De vokser opp av bakken når det regner ned...
Eg ser det på deg frå mi seng, drømmer som vokser som ei blomstereng
Ein heilt spesiell og vakker dag, spring eg over gjerdene alt eg har
Eg kommer til å plukka dine drømmar til bakken blir bar

Og du heiste meg lenger og lenger og lenger opp og enda lenger opp
Eg var din akrobat og eg dalte alltid rett inni armane dine
Me måtte vert sommarfuglar om me skulle ha følt oss friare
Og far sto å smilte og vinkte ner på bakken og såg
Det var den gong då, me har det ikkje sånn lenger nå

Eg vil ha det sånn eg hadde det
Du gjorde det umulige
Du ga meg følelsen at alt kunne skje
Det var kaniner i hatten, eg venta på elefanten

Du drog på kaniner opp av hatten
Eg sto og venta på elefanten

torsdag 24. november 2011

Startskot for nedvask...

Eg er ingen tilhengar av fullstendig nedvask av heile huset til jul. Berre litt støvtørking og grundig golvvask. Men i år har eg sett meg det målet å vaske ned kjøkken og stove.

I vinter som var hadde me skrudd ned trekken på ovnen på stova og reist på besøk...då me kom heimatt var stova grå av røyk. Ovnen hadde stått og puffa inn ei stund, så stova lukta bål... Har vaska vindua i stova og dei var SVARTE av sot...

Så i dag gjekk startskotet. Starta på kjøkkenet med å rydde ut av "rote"skapet vårt. Der alt som du ikkje treng men ikkje vil kaste ligg. Har ikkje skuffer til slikt, så alt endar enten i det skapet eller på kjøleskapet. Irriterande å ikkje greie å få system på slikt rot!

Har ein plan om å ta vekk eit vitrineskap og sette inn ein skjenk i staden. Då vert det litt meir skuffeplass. Men då må eg til å male veggane, og då vil eg male kjøkkeninnreiinga, og då må eg ta ned alle listene og male dei...huff så leitt?? ;)
Må ha eit prosjekt å henge fingrane i. Kjøkkenet står fyrst i køa, ja. Pussa opp soverommet vårt tidlegare i haust. Det vart veldig fint. Kjenner at eg har lyst å starte på neste rom...

Jaja. Enn så lenge skal det berre få ein tøtsj av grønsåpe... Bør vel ikkje starte på slike prosjekt rett inni jula... :)

Jepp jepp. Nok prat, meir handling! Tilbake til kluten og såpa!