Akkurat ja. 30 år å livredde tannlegen...
Det var nød og inga lyst som gjorde at eg måtte ringe den sure telefonen til tannlegen i dagtidleg.
I går kveld datt det nemleg ut ein bit av ei framtann. Tunga har hatt det frykteleg travelt borti tanna, og når det i tillegg vart vanskeleg for meg å kunne spele saksofon på skikkeleg vis, måtte eg berre få ordna det...
Ikkje berre hadde eg skade på ei tann....ej hadde pina det hol!!! KRISE!!!
Full narkose? Ikkje det nei...slegge? Ikkje det heller?! SPRØYTE??!! ...åh hjelpes...
Dei so veit, dissa sprøytene ser ut som MORDVÅPEN!!
Bedøvelsen funka den, tygde tunga mi opptil fleire gonga før eg fann ut at det ikkje var mat eg hadde i munnen...
So no sit eg her då, 1630,- fattigare, eit hol mindre, og dei to bileta mine heng til spott og spe hos tannlegen. Og tunga? Jau den har vakna til liv, og er frykteleg forkava borti den nye fyllinga, som har skarpe kantar, akkurat som den tanna eg skada til å byrje med!!
- Gjengen framma dala
- Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!
tirsdag 12. oktober 2010
mandag 11. oktober 2010
TOO FAR GONE KJEM TIL BYGDA!

Laurdag 16.oktober kl 21.00 er det duka for dans og fest på Kulturhuset.
Trønderbandet Too Far Gone, kjem til Ørsta.
Dei spelar norsk festcountry, og er kjende med låtane "Ælsk dæ vilt"
og "Zetor`n". Dei er no ute med ny plate "Sola i ryggen".
Billettar er å få kjøpt på www.orstakulturhus.no og i døra.
Billettar er å få kjøpt på www.orstakulturhus.no og i døra.
18 ÅRSGRENSE
Billettpris.: 310,-
(+omkostning ved nettkjøp)
Det skjer nåke i Ørsta, kom du også!!
Arr.: Ørsta Linedanceklubb
onsdag 29. september 2010
"Blåtur" til Tallinn
I helga har eg vore på "blåtur" med damene på Nevrohjemmet. Flyet gjekk frå Vigra kl 06.30 fredags morgon...Mange trøtte tryne å sjå :)
Det var flybytte i Riga, propellfly (Fokker 50) til Tallinn. Mindre enn Dash 8, gamlare enn "Kråka"... Turbulens var ikkje artig i eit så lite fly kan ein sei...
Her ventar me på bussen inn til Tallinn by.
I gamlebyen finn ein Alexander Nevsky-katedralen med sine karakteristiske løkspir.
Katedralen er russisk-ortodoks, og me fekk gå inn å vere med på ei føremiddagsmesse. Det var ikkje lov å ta bilete inne.
Det var utruleg flott inne, med gullforgylte altertavle, veggmaleri og ein fantastisk himling! Vart nesten litt religiøs av stemninga og alle inntrykka.
I eit smug mellom Den Hellige Ånds Kirke, og Dominikanerklosteret fann me ein liten kafè, kjend for sin kakao med ingefær og vanilje. Dessverre fann vi ikkje ut det før etter at alle hadde drukke ein kopp kaffi og ete ei mektig sjokoladekake! :)
Så var det meg og middelalderhistorie og gamle hus... I gamlebyen kunne me gå rundt i trange gater og smug. Utruleg spennande å gå rundt å sjå gamle byggverk og drøyme seg tilbake til svunne tider.
Siste kvelden hadde me bestilt bord på ein russisk restaurant. Der fekk me servert russisk tapas! Veldig god mat, og flott russisk underhaldning. I tillegg fekk me servert iskald vodkashot i frosne glas frå to meters høgde! Ikkje akkurat karsk og konnjøl nei!
Søndagskveld, eller natt, kl 00.30 var eg endeleg heime. Heilt fullstending ferdig!
Kjekt med ein tur å lufte seg, men desto betre å kome heim til si eiga seng og stove, og ikkje minst, ØRSTAVATN!!!
torsdag 16. september 2010
Sjekk ut disse karane!
Smurfa rundt på youtube. Der kan en finne mykje rart, men av og til nokre gullkorn.
Sjekk ut disse collegekarane som var med i America`s got talent.
Utruleg tøft! Gå inn på linken under!
http://www.youtube.com/watch?v=c5CqE3rPxEY&feature=related
Sjekk ut disse collegekarane som var med i America`s got talent.
Utruleg tøft! Gå inn på linken under!
http://www.youtube.com/watch?v=c5CqE3rPxEY&feature=related
tirsdag 14. september 2010
Nytt bilete i headeren
Har styrt og endra litt på bloggen. Bildet på headeren vert ikkje bra uansett kva eg gjer. Nokon som kan forklare meg enkelt og greit korleis eg kan dele headeren opp slik at eg kan ha fleire bilete?
Er og blir ein trenøve når det gjeld sånn dataduppedingsestyr...
Har sett fleire bloggar med flotte headarar, men fattar ikkje korleis eg skal lage det sjølv.
HJÆLP!
Er og blir ein trenøve når det gjeld sånn dataduppedingsestyr...
Har sett fleire bloggar med flotte headarar, men fattar ikkje korleis eg skal lage det sjølv.
HJÆLP!
Abonner på:
Innlegg (Atom)