Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

onsdag 16. juni 2010

Utdrikningslaget!


(for tida einaste biletet eg har...snacksy?)
Laurdag vart eg bokstaveleg talt tatt på senga. Eg vakna av at Janita sto midt på soveromsgolvet og BRØLTE revelje! Eg forstod INGENTING!! Eg fekk utdelt ein konvolutt, og beskjed om å kome meg opp og i kleda.


I konvolutten låg eit brev frå forlovaren min Tone, med pakkeliste...Eg vart noko fortvila for eg skulle spele gatekonsert i lag med hornmusikken, og hadde att på til solo på eine stykket!!!

Eg kom meg noko fortumla ut i bilen, og vart skyssa ned til Tone. Der satt alle jentene mine, med frokostdekka bord på terrassen! Smeis kor koseleg!!!


Etter frokost bar det av stad, til ein stad eg ikkje hadd snøring på! Det viste seg at me skulle gå ei runde i gågata...der tenorsaxen min tilfeldigvis kom meg i hende...Eg skulle vere med på konserten likevel!! Har aldri vore så nervøs før, hendene mine skalv og eg hadde store problem med å treffe rette klaffane!!


Etter konserten gjekk turen vidare, forbi småbåthavner med trussel om våtdrakt(likakje mej under vatn...) forbi store mobilkraner(likakje store høgder...) og til slutt enda me på Leikongeidet. Der skulle me skyte leirduer!! Det var utruleg artig!! Traff også ;-)

I surt og kaldt sunnmørsvêr vart me etterkvart noko kalde, og turen gjekk til Budaneset, der Tone hadde leigt hytte! Me fyrte opp i ovnen og fekk varmen i oss igjen, så var det tid for grill, og boblebad!! Heilt herleg!!! Dagen gjekk frykteleg fort, men eg storkosa meg heile tida! :-)
TUSEN TAKK FOR EN KJEMPEDAG TONE, OG ALLE JENTENE MINE!!! :-)

onsdag 2. juni 2010

Bryllaupet vårt

Som sikkert dei fleste veit so skal Asgeir og eg gifte oss til sommaren. Datoen er 10.juli, og det nærmar seg for kvar dag!
For å gjere planlegginga litt enklare og for at både oss sjølve og gjestane skal få litt oversikt, så har eg laga ei heimeside for bryllaupet.
Her kan ein finne ønskelister, navn på kjøkemeister, forlovarar og annan informasjon.

http://www.bryllupsdagen.no/bd/vis.php?bid=4914

Følg linken her og du kjem til heimesida vår!

søndag 30. mai 2010

30 ÅR!




Det kjennest akkurat likeeins ut som i går...ikkje har det kome fleire rynker og ikkje har eg vorte grå i håret. Det kjennest faktisk veldig deilig ut. Kjenner meg litt meir vaksen på ein forunderleg måte.

Eg har alt eg kan ønske meg; ein koseleg heim, nydelege ungar, flotte mann og ein jobb som eg trivst med, sjølv om nattarbeid til tider kan vere tøft. Eg har mange gode vener som eg set veldig stor pris på, og ei stor familie som eg er kjempeglad i! Livet er herleg!



Dagen vart feira på forskot i går, med gode vener og familie. Tusen takk for at dokke ville feire i lag med meg! Det var ein kjempekveld!


I dag tok me det litt rolegare. Asgeir laga bløtkake til meg og me hadde nokre få kaffigjestar. Veldig koselig. Å tru det eller ei, det vart endeleg sol på bursdagen min!!!


Skulle gjerne sagt at dette vart 30 årsgåva mi...
Tusen takk for ei kjempefeiring, til alle som var her!







onsdag 26. mai 2010

Award!

Eg har fått min første award! Den fekk eg frå vakre Randi. :-) Tusen tusen takk!
Til denne awarden fyl ei oppgåve der eg skal skrive 7 ting om meg sjølv/familien vår. Dei aller fleste lesarane mine kjenner meg/oss, så noko overraskingar blir det vel neppe :-)
  1. Eg likar faktisk å stryke kle. Det skulle en ikkje tru når ein les bunadskjorteinnlegget mitt ;-)
  2. Asgeir har veldig veldig lyst til å ta lappen på tung motorsykkel, men det er faktisk eg som har byrja å lærekøyre med motorsykkel!!
  3. Dei som kjenner meg godt veit at eg kan kome med kjappe kommentarar og virke lite sjenert, men i lag med folk som eg ikkje kjenner godt, så vert eg fåmælt og anete, og blir nok sett på som veldig snål!
  4. Eg er korpsnerd for livet! Lenge leve hornmusikk og min nydelige tenorsaksofon!
  5. Eg og Asgeir skal gifte oss 10.juli 2010, og det er faktisk på trulovingsdagen vår...for 12 år sidan...å det som skulle vere eit lite og snerte bryllaup utarta seg til eit gilde!
  6. Eg er veldig kreativ innerst inne, men har FRYKTELEG dårleg tolmod med påt, og kan slett ikkje å sy med symaskin, sjølv om eg veldig gjerne kunne tenkje meg å kunne det.
  7. Eg har ein tendens til å gjere ting litt for grundig, og lage meg meir arbeid enn fyrst tenkt. Spesielt ting som kanskje ikkje krev det, fordi eg vil at folk skal sjå at ting har vorte skikkeleg gjort. Litt pirkete altså, sjølv om eg seier noko heilt anna:-)

Slik er det altså her i heimen. :-) Eg sender awarden vidare til:

JanneTove

ÅseLill

17.maifeiringa vår!

Litt seint ute med 17.mai'en våra, men betre seint enn aldri??

Dagen starta tidleg, og etter frukost var det tid for å kome seg i bunadane. Gjekk og sa heile dagen at me måtte ta eit familiebilete av alle i bunad...men det skjedde sjølvsagt aldri.


Mary Ann brukar bunaden som svigermor sydde til eldste jenta si. Den er over 40 år gammal!


Astrid Oline har på seg jentebunaden eg brukte som lita taus, og så har ho fått forkle i hardangersaum med besta/svigermor!

Det var ein kald og sur 17.mai, så når barnetoget var over, var det godt å kome seg opp på bedehuset å få kjøpt seg kake og kaffi. Gjekk med nokre isar også!


Sigrid Marie kosa seg med kake, stort sett alt gjekk ned!


Asgeir og pappa diskuterar viktige affærer. Asgeir fekk seg Ørstabunad med meg i år. Planen var at han skulle stå som brudgom i bunaden, den som lever får se ;-)


Til slutt på dagen var me hos Janita og Bernt Inge. Ho hadde laga marsipankake, og ho fekk god hjelp til verte kvitt den. :-)

Ein veldig triveleg 17.mai sjølv om veret var so som so. Avslappa og fin, og me kosa oss heile gjengen.

(PS. Det gjekk ikkje lenge før både 5 bunadskjorter å to hardangerforkle såg ut som dei aldri har sett verken vaskemiddel eller strykejern!!)