Det kjennest akkurat likeeins ut som i går...ikkje har det kome fleire rynker og ikkje har eg vorte grå i håret. Det kjennest faktisk veldig deilig ut. Kjenner meg litt meir vaksen på ein forunderleg måte.
Eg har alt eg kan ønske meg; ein koseleg heim, nydelege ungar, flotte mann og ein jobb som eg trivst med, sjølv om nattarbeid til tider kan vere tøft. Eg har mange gode vener som eg set veldig stor pris på, og ei stor familie som eg er kjempeglad i! Livet er herleg!
Dagen vart feira på forskot i går, med gode vener og familie. Tusen takk for at dokke ville feire i lag med meg! Det var ein kjempekveld!
Gratulerer med dagen din, igjen :) Kjekt å sjå at du har hatt ein flott dag!! Klem
SvarSlett