Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

onsdag 26. mai 2010

17.maifeiringa vår!

Litt seint ute med 17.mai'en våra, men betre seint enn aldri??

Dagen starta tidleg, og etter frukost var det tid for å kome seg i bunadane. Gjekk og sa heile dagen at me måtte ta eit familiebilete av alle i bunad...men det skjedde sjølvsagt aldri.


Mary Ann brukar bunaden som svigermor sydde til eldste jenta si. Den er over 40 år gammal!


Astrid Oline har på seg jentebunaden eg brukte som lita taus, og så har ho fått forkle i hardangersaum med besta/svigermor!

Det var ein kald og sur 17.mai, så når barnetoget var over, var det godt å kome seg opp på bedehuset å få kjøpt seg kake og kaffi. Gjekk med nokre isar også!


Sigrid Marie kosa seg med kake, stort sett alt gjekk ned!


Asgeir og pappa diskuterar viktige affærer. Asgeir fekk seg Ørstabunad med meg i år. Planen var at han skulle stå som brudgom i bunaden, den som lever får se ;-)


Til slutt på dagen var me hos Janita og Bernt Inge. Ho hadde laga marsipankake, og ho fekk god hjelp til verte kvitt den. :-)

Ein veldig triveleg 17.mai sjølv om veret var so som so. Avslappa og fin, og me kosa oss heile gjengen.

(PS. Det gjekk ikkje lenge før både 5 bunadskjorter å to hardangerforkle såg ut som dei aldri har sett verken vaskemiddel eller strykejern!!)

3 kommentarer:

  1. Det er betre seint enn aldri...:) Kjekt å lese om 17.mai feiringa..burda vell lagt ut ej også.. men he det blitt gjort? Nope.. tiltak.
    Kaka som Janita ha laga såg utrulig god ut.. :)

    SvarSlett
  2. Kor flotte dokke va! Ingenting så staseleg som ein herremann i bunad, so det var no ei super gåve! Kjempefine kake, tenk å klare slikt.

    Ang awarden. Å få bildet av den over i din blogg er veldig enkelt. Du berre høgreklikka på den i bloggen min, trykk egenskaper, så får du opp bl.a. noko som heiter URL-adresse. Denne kopierar du. For å få den i innlegget trykker du "sett inn bilde" og velg "frå internett". Då er det berre å lime inn koda du kopierte, og sett inn. Vips, så har du awarden i innlegget. Mulig det finst fleire måtar å gjere dette på, men slik gjer vertfall eg det. :)

    SvarSlett
  3. Ja, systå e en dekel å bake marsipankake! Håpe ho laga til bryllaupe ;-)

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)