Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

torsdag 19. november 2009

Wok i naturen..

Fortalde for ei tid tilbake at eg hadde fått ein miniwok.
Den har eg fått prøvd ut, og den funka veldig bra!



Ingen problem med å steike maten over open eld. Med god olje slapp eg fastbrent kjøt.



God fyr i omnen:-)



Skogskaffi må også til når ein er ute i naturen.
Ein kjempeflott tur, med gløtt av sol. Me er heldig som får bu slik til!!

fredag 6. november 2009

Oslo-tur med Mary Ann!

No har det gått tre veker sidan me var i Oslo. Heilt ufatteleg at det har gått så fort, så lenge som me gjekk og venta på at dagen skulle kome...


Starta på torsdag då me reiste. Me kom til Oslo kl 12, og kunne bruke heile dagen i byen. Kika på slottet, var på Hjemmefrontmuseet på Akershus festning, og vandra i byen å kosa oss.


På kvelden var det tid for show. Oslo spectrum er ikkje så stort som det ser ut til på TV...men det var nok hakket større enn Ørsta kulturhus;-)

Showet var fantastisk! Rune Hekkelstrand, også kjend som Polter i "UHU", var "reiseleiar" gjennom millionar av år. Dinosaurane var i verkeleg storleik, og var utruleg naturtru!! Det var skummelt, spanande og kjekt!





Etter showet reiste vi tilbake til hotellet. Forresten eit veldig bra hotell som eg vil anbefale til dei som skal til Oslo. Rica Holberg, ligg rett att med slottet. Flybussen stoppar rett utanfor døra, og du slepp å leite deg i hel etter det.
Dagen etter tok me peiling på museumsbesøk. Dagsbillettar på kollektivtrafikk kosta oss 150 kr for alle tre, og då kunne vi reise så mykje vi ville i eit døgn. Kjempegreier!! Naturhistorisk museum var hovudmålet. Der fekk vi sjå T-Rex i naturleg storleik, men heldigvis berre beinrangelet!! På zoologisk museum fekk vi sjå fossilet Ida. Trudde det var litt meir blest om henne, og at utstillinga var større, men ho var lita og vi kunne like gjerne gått rett forbi henne...






Munch-museet fekk også besøk av Ørsta-banden. Dei har lært av tjuveriet, og vi måtte legge igjen vesker og jakker å gå igjennom metalldetektor før vi fekk sleppe inn. "Skrik" og "Madonna" har fått hard medfart som følgje av tjuveriet, og det viste dessverre godt. Men det var stort å få sjå alle dei kjende verka i levande live! Whistler hadde også utstilling av sine teikningar. Måtte sjølvsagt kjøpe med meg nokre reproduksjonar heim. Dei skal etter kvart få heidersplass på vegge:-)






Vigelandsparken vart og besøkt, og "Sinnataggen" og "Monolitten" var hovudmåla der. Heilt fantastisk arbeid Gustav Vigeland har lagt ned i alle dei skulpturane!!






Fredagskveld var det konsert i Ridehuset på Akershus festning. Halloweenkonsert med Forsvarets stabsmusikk, med påfølgande spøkelsevandring på Akershus slott!
For meg som har spelt i korps i over 20 år, var det ein opplevelse å få vere på konsert med eit proff korps. Det var gåsehud frå ende til annan!! Nils Ole Oftebro utkledd som vampyr, fortalde skumle historier innimellom.




Akershus slott er heilt fantastisk! Det å gå igjennom alle dei salane som kongar og dronnigar har budd og levd i i mange hundre år er heilt...ubeskriveleg. Me såg ingen spøkelse, men eg kan nesten sverge på at der var eit kvart som ikkje var menneskeleg...




Frå flyturen heim...skodda låg som eit ullteppe på Gardermoen, men som alle veit, over skyene er himmelen alltid blå!!

onsdag 28. oktober 2009

Nedteljing!!

Mary Ann har gått å telt ned dagane til me skal reise til Oslo. I dag er det berre ein dag igjen, og no går nedteljinga på timar!!!

Kjenner at eg byrja å få sommarfuglar i magen. Er ikkje ofte ein er ute på tur, og i allefall ikkje utan alle ungane...vert litt rart å reise i frå dei to minste, sjølv om det berre er for to døgn.

Det vert spanande å sjå om me finn fram i den store vide verd. Snakkar meg om bønder i byen! :-)
Høyrde eg kart og kompass???

tirsdag 27. oktober 2009

Svin mej midt bak!!!

I og med at eg har den jobben eg har, så var eg på det næraste pålagd å ta vaksine.
Så i går troppa eg opp på jobb, fekk eit stikk i handa, og gjekk på seinvakt. Det gjekk heilt fint, svei litt i huda, men ikkje verre enn at eg tålte det.

Så kom dagen i dag...verk i kroppen, kvalm, feber og frostrie...kan ikkje akkurat sei at eg var glad for at eg sprøyta SVINEriet inni kroppen.

Det verste er at om tre veker må me ta ei sprøyte til for å fylle på!!

Pandemrix...høyrest ut som broren hass Asterix og Obelix...

Men jau då. Satsa på at SVINEpesten helde seg vekk. Akkurat no lyt eg vere sofaGRIS ei stund og satse på at eg ikkje byrja å gro SVINEpels!!
At huset ser ut som en SVINEsti får berre vere!!

mandag 26. oktober 2009

Vafle på gamlemåten...

For nokre år sidan fekk eg ein idè om å lage ein gapahuk i skogen. To veggar med tak er alt som trengs, og vips så har ein eit lite krypinn i skogen.

Me laga ei stor og god grue, som fyrst og fremst var tenkt til å spidde pølser over. Med ei gammal grillrist og heimelaga svartkjelhaldar, så har grua vore brukt til meir enn berre pølser.
Med litt planlegging har eg kokt heimelaga blomkålsuppe på bålet, og pannevafler har vorte steikte i steikepanne. Julafta i fjor hadde Asgeir med seg jentene, og julebesøket frå Bergen og kokte graut i gapahuken!! Snakk om julestemning!

No har eg vore på utkik etter eit gammalt vaffeljern til å bruke på bål. For 14 dagar sidan fekk eg tips om at på bruktbutikken hadde nokre sånne liggjande. Eg reiste sporenstreks ned, og fekk kjøpt herlegheita for 50kr!!! Eit ekte Jøtuljern, med store gode hjerteformer.


Vel heime sette eg i gong ein massiv prosess med å få vaska vekk fastbrent fett. Med Mr Muscle gjekk det meste vekk, resten skal brennast vekk over open eld.



Så var det tid for å prøve sakene.




Og slik vart resultatet!!




Med ekte skogskaffi til, og under open himmel, smakte vaflene himmelsk!!



Neste prosjekt i gapahuken vert å lage fleire sitteplassar med tak over. Mange vil vere med på tur, og tanken er at alle skal sitte turt og lunt. I løpet av hausten skal eg prøve ut enda ein skatt eg har fått, ein miniwok! Med litt planlegging, blir det om ikkje så lenge, sett i stand eit herremåltid i skogen! Gler meg!!!