Starta på torsdag då me reiste. Me kom til Oslo kl 12, og kunne bruke heile dagen i byen. Kika på slottet, var på Hjemmefrontmuseet på Akershus festning, og vandra i byen å kosa oss.
På kvelden var det tid for show. Oslo spectrum er ikkje så stort som det ser ut til på TV...men det var nok hakket større enn Ørsta kulturhus;-)
Showet var fantastisk! Rune Hekkelstrand, også kjend som Polter i "UHU", var "reiseleiar" gjennom millionar av år. Dinosaurane var i verkeleg storleik, og var utruleg naturtru!! Det var skummelt, spanande og kjekt!
Etter showet reiste vi tilbake til hotellet. Forresten eit veldig bra hotell som eg vil anbefale til dei som skal til Oslo. Rica Holberg, ligg rett att med slottet. Flybussen stoppar rett utanfor døra, og du slepp å leite deg i hel etter det.
Dagen etter tok me peiling på museumsbesøk. Dagsbillettar på kollektivtrafikk kosta oss 150 kr for alle tre, og då kunne vi reise så mykje vi ville i eit døgn. Kjempegreier!! Naturhistorisk museum var hovudmålet. Der fekk vi sjå T-Rex i naturleg storleik, men heldigvis berre beinrangelet!! På zoologisk museum fekk vi sjå fossilet Ida. Trudde det var litt meir blest om henne, og at utstillinga var større, men ho var lita og vi kunne like gjerne gått rett forbi henne...
Munch-museet fekk også besøk av Ørsta-banden. Dei har lært av tjuveriet, og vi måtte legge igjen vesker og jakker å gå igjennom metalldetektor før vi fekk sleppe inn. "Skrik" og "Madonna" har fått hard medfart som følgje av tjuveriet, og det viste dessverre godt. Men det var stort å få sjå alle dei kjende verka i levande live! Whistler hadde også utstilling av sine teikningar. Måtte sjølvsagt kjøpe med meg nokre reproduksjonar heim. Dei skal etter kvart få heidersplass på vegge:-)
Vigelandsparken vart og besøkt, og "Sinnataggen" og "Monolitten" var hovudmåla der. Heilt fantastisk arbeid Gustav Vigeland har lagt ned i alle dei skulpturane!!
Fredagskveld var det konsert i Ridehuset på Akershus festning. Halloweenkonsert med Forsvarets stabsmusikk, med påfølgande spøkelsevandring på Akershus slott!
For meg som har spelt i korps i over 20 år, var det ein opplevelse å få vere på konsert med eit proff korps. Det var gåsehud frå ende til annan!! Nils Ole Oftebro utkledd som vampyr, fortalde skumle historier innimellom.
Akershus slott er heilt fantastisk! Det å gå igjennom alle dei salane som kongar og dronnigar har budd og levd i i mange hundre år er heilt...ubeskriveleg. Me såg ingen spøkelse, men eg kan nesten sverge på at der var eit kvart som ikkje var menneskeleg...
Frå flyturen heim...skodda låg som eit ullteppe på Gardermoen, men som alle veit, over skyene er himmelen alltid blå!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)