Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

mandag 15. august 2011

Moltetur



I går var me på tur til Dalsbygda i Volda. Tussa har hytte ved Litlebøvatnet og me køyrde inn for å sjå etter molte.

Mykje var allreie plukka, mykje var ikkje mode og mykje var ikkje stengel på i det heile.
Viss eg legg godviljen til, så fekk me plukka 1,5 liter. Det skal vere til nydeleg moltekrem og heimelaga krumkaker til jul...NAM :)

Det var lite blåbær også. Det som var, var lite og surt. Til og med krekebær, som det brukar å vere flust av, var det lite å sjå. Trur surt og kaldt sommarver må ta mykje av skulda for det. Ein fin tur var det i allefall, om enn mykje vind!


2 kommentarer:

  1. Lite bær, men kor kjekt med ein tur, tenke eg! FOR eit knips av den ørna....!! Brukar å vere eit par på Krøvelen, har lenge tenkt på å legge meg på lur, men manglar tolmodigheita (og tida..). Får nyte synet frå knipset ditt, eit godt knips!

    SvarSlett
  2. Og ja, treffast gjerne ei helg! Ledig om tre veker, må få unda to helgar i kyrkja først (4 årsbok med opplegg både laurdag og søndag, bryllaup neste helg). Må seie eg undrar meg litt på den overraskinga også... men koseligast å treffast sjølvsagt ;) Snakkast!

    Ps: skal seie ørnebiletet fekk god plass i MøreNytt! Kjekt å sjå det i så stort format :)

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)