Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

søndag 4. juli 2010

Sommarferie = bloggferie

I desse midtsommarstider har hjerna mi teke ferie, og eg har som de ser, ikkje prioritert bloggen. Det har ikkje vore mangel på bloggstoff, tvert om, men det har vore lagt til sides ei stund.

10.juli nærmar seg med stormsteg!!! Det er allereie om ei lita veke!!!
Brudekjolen min er komen i hus, det same er dei nydelege kjolane til dei nydelege jentene mine, som sjølvsagt skal vere brudepiker :-)

Om eg har full kontroll står att å sjå, litt lause trådar er det endå...hender seg at eg får ei byge med angst og vert dårleg i magen...
Det er ikkje akkurat svaret i kyrkja eg har mest attelet på...
Eg ligg vel rett ut som ei skjeta tvåge fredag kveld ;-)

No ser eg fram til 5 veker sommarferie. Det skal verte godt å berre ta det heilt med ro, ikkje tenkje verken bryllaup, jobb eller skule. Ferielogistikken tek eg slik han kjem. Reknar med at bryllaupsreisa vår går til Hunderfossen :-)

Håpar at alle lesarane mine har ei fortreffeleg sommar. No tek eg enda meir bloggpause til bryllaupet er vel overstått ;-)

2 kommentarer:

  1. Lykke til med brylløpet, og god ferie :D

    SvarSlett
  2. Du fortjena heilt klart ei pause! Me gleda oss til laurdag!! Husk å puste med magen, ta det slik det kjem, er ikkje krise om ikkje alt er perfekt. Kise er om du ikkje har overskudd til å nyte dagen :) Klem!

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)