Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

søndag 11. april 2010

Kvinnfolkarbeid?


Like sikkert som at tjelden er komen, er det at denne helga er det tid for dekkskifte.

Men kva gjer ein når ein er karalaus? Tek skeia i eiga hand og ordnar opp i ting sjølv!!


Bilen fekk seg ein tur under kluten både innvendig og utvendig. Kan vel seie det slik at der var ein del støvsugarmat...


Så var det store spørsmålet, skal eg skifte dekk?? JA DET SKAL EG!


Frøkena heiv seg rundt, jekka opp bilen, skrudde av vintersko og fekk på sommarsko.
Bilen såg ut som om han var ny, og det er eit kunststykke i seg sjølv...han byrjar å bli nokre år...
Kan seie det slik, at eg er noko kry av meg sjølv. Har både sett dekka rett på og fyllt luft i dei!
Så, alle damer der ute som trur dei ikkje kan? JAU DU KAN!!


6 kommentarer:

  1. Klart vi kan!!!
    Men jammen er det godt og behageleg å nytte seg av mannfolk-krafta om ein kan:-)

    Ha ein fortreffeleg vårdag:-)

    SvarSlett
  2. Mor sin gamle mazdaen fekk seg ei overhaling idag. Bretta opp ermane og gjekk igong med hjulskift. Når ein først kjem igong, går det fint. Ein omgong med vatn, såpe og ny voks gjer jammen susen på ein gamal bil.
    Mary Ann og bestefar hjelpe til med voksing og polering og mor sin gamle mazda vart blank og fin både inni og utanpå.
    Ellers er det sykkelsesong igjen. Er utrulig godt å starte dagen med å sykle til jobb.

    SvarSlett
  3. Sykle til jobb ja...den so kunne det du ;-)

    SvarSlett
  4. Flink! Kjennest sikkert fantastisk!

    SvarSlett
  5. Kjennes egentli veldig bra Ariel, tusen takk:-)

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)