Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

mandag 5. april 2010

Astrid Oline 5 år i dag!!



Endeleg er dagen her! Dagen som me har telt ned til i to veker! Det vert feiring i barnehagen i dag, og barneselskap til helga, og ho gler seg veldig!


Astrid Oline har vorte ei stor og flott jente, og skulealderen nærmar seg kjapt...

Å vere "ho i midta" er ikkje alltid like kjekt, for liten til å vere stor og for stor til å vere liten...


Til bursdagen sin skal ho endeleg få sin heilt eigen sykkel, som berre ho skal få bruke. Då er ho akkurat passe liten og akkurat passe stor :-)

Gratulerer så mykje med dagen godjenta vår! Kjempeglade i deg:-)


3 kommentarer:

  1. Gratulere so mykje med dagen til Astrid Oline! :)Blir noke kake på dokke disse dagane... :)

    SvarSlett
  2. He he. April ekje anna enn kake det, faren he bursdag neste veke, 17. same dag som syskenbarne her framme, å han besti he bursdag 30... So...det va den slankekuren ;-)

    SvarSlett
  3. Gratulerer med dagane, både dei som he vore og dei so kjøme. Lyte ha oss en tur bort en dag. Bere å seie frå en dag du he fri so kan me finne på nåke.

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)