Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

onsdag 10. februar 2010

Ringen er slutta, ei epoke er over.

4.februar var ein ufatteleg dag heime hjå oss.
Me fekk den triste beskjeda om at bestemor var død, nær 93 år gamal.
Det gamle hjartet hennar var for svakt til å halde fram med å slå etter eit hjarteinfarkt.

Bestemor fekk 5 born, 16 borneborn, 33 oldeborn og 6 tippoldeborn. Når ein tenkjer på at ho var einebarn, så er det fantastisk at ho fekk så mange etter seg. Det sa ho ofte sjølv også.

Ho likte godt å få sitte på trappa si om sommaren å kike utover tunet og bakkane der ho og bestefar hadde sitt arbeide. Stundom vart heile familien samla utanfor huset, og me steikte vafler og sveler til alle som kom. Bestemor sat som ei dronning på trappa og skua utover etterkomarane sine.

Bestemor var veldig glad i handarbeid, og mest heile slekta har fått tova tøfler, hakka gryteklutar, panneband og huer. Ho var flittig og var kjempeglad når nokon kom for å "bestille" noko.

Eg hugsar eg låg i fanget til bestemor, kalla henne dundyna mi, og fekk høyre historia om jasen og røven på Mosetra. Jasen kom seg alltid i sikkerheit fordi han fekk kome inn i selet.

Bestemor laga verdas beste julemanna! Ofte laga ho dei i november, kanskje også i oktober. Dei gjekk unna med kald melk attåt, uansett kva tid ho laga dei.

No blir det ikkje fleire julemanna. Tråden og strikkepinnane får kvile. Historiene får me hugse som best me kan, og gøyme minna i hjartet vårt.
Vafledagane får me halde i hevd, men det vil ikkje verte det same uten bestemor.

Me sakna deg besta vår.

3 kommentarer:

  1. Tåre i auene og klump i halsen... utrulig trist å lese og bestemora di minte mej om bestemora mi.. Kondulere so mykje, til heile familien...

    SvarSlett
  2. Så trist når slikt skjer - men dog så godt at de alle har så gode minner om ei fantastisk dame. Minna må de ta med vidare ein stad i hjertet og ta dei fram med gjamne mellomrom - klem

    SvarSlett
  3. Trist å sjå dødsannonsa hennar.
    Eg fekk heldigvis bli litt kjent med ho - raus som ho var. Å komme med eit par tova tøfler til eit menneske ho ikkje kjende, er typisk ei verdens søtaste bestemor. Lat oss håpe på eit paradis..

    Klem

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)