Den 4.januar 2010 skal eg ha den fyrste dagen min i fast stilling!!
I går fekk eg den gledelege telefonen frå Nevrohjemmet rehabiliteringssenter på Åse. Der skal eg jobbe 50% nattevakt, som sjukepleiar.
No tenkjer de kanskje:" å herlighet, skal ho til å pendle ho so he tre onga å hus å heim?"
Då må eg berre sei: JA DET SKAL EG, OG DET SKAL GÅ BRA!!
Det er klart det blir tøft, men eg er sikker på at når ein kjem inn i rutinen, så vil det gå heilt fint. Det viktigaste er å tenkje positivt! Det må vere ein grunn til at eg fekk jobben, ikkje sant?
I løpet av ein månad har eg 7 nattevakter, det vil seie ca 2-3 vakter i veka. Dette gjer at eg får periodar der eg ikkje er på jobb. I tillegg har eg fri i jula, påska og tre veker om sommaren. Då kan alle "friperiodar" nyttast heilt og fullt heime i lag med familien!! Det veg opp for at eg må ofre nokre netter heime!
Det blir spanande og eg gler meg til å ta til i jobben. "Berre" tre mnd igjen :-)
Så får me berre håpe at Timeekspressen ikkje legg ned rutene sine!!
JIPPIIIIII!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
GRATULERE ME JOBBEN!!:-) Ditta klare du sikkert fint!
SvarSlettAnette
Gratulere med FAST jobb.. å kor eg gler meg til den dagen eg kan sei eg har det! Ditte kjem til å gå super bra!!
SvarSlett