Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 31. august 2010

"Nytt rom"

Etter fem år i huset vårt har eg fått ei byge av oppussingstrong. Eg har ein tendens til å lage meg meir arbeid enn strengt tatt naudsynt, men eg tenkte at å male oppatt barnerommet skulle vere grei skuring.
Då me flytta inn ville Mary Ann ha rosa rom...å mora tenkte at det skal ho jammen få.
Fargen kom på veggen, og var så skrikande at eg var nøydd å dempe han med kvite skyer og svamping med kvitfarge... Etter kvart falma fargen, og såg noko gresen ut. Eg hadde bestemt meg for at eg skulle gjere noko med rommet i sommar. Men så var det den tiltakslysta då...
Men no er det gjort! Vekk er rosafargen og dei mørkeblå gardinene. Eg kan vel skryte av å ha gjort stort sett alt sjølv. Fekk litt hjelp til å maskere listene. Sabla møkkajobb!!
Her har dykk litt før og etter bilete. Ikkje so lett å sjå, men sikkert bra nok :)
Veggen med svampeteknikk...so som so...

Husbonden lure på om han sleppe å ta vekk golvlistene, men han måtte nok til ja ;)

Her har veggen fått ny lys farge, og senga har vorte eit snev lilla. Nattbordet skal også verte lilla...ein anna dag... Nye plastkasser til leikene, skal etterkvart lage ei stor sengeskuff til å ha det meste nedi.
Nye gardiner må også til. Liftgardin kjøpt for 100,- som mamma sydde om til panelhøgder. Genialt, å veldig tøffe gardiner!! Har også fått opp lystett rullgardin. Morgonsola skin rett inni rommet, og det vert veldig lyst.
Har ikkje fått opp så mykje bilete enda. Kjem etter kvart. Skal til Bergen og Ikea neste veke, so då skal det kjøpast litt forskjelligt tenkji ;)


lørdag 28. august 2010

Auke i familien Mo Aam ;)

Eg som har sagt at eg ikkje skal ha fleire små i hus...
No har me jammen greidd å få oss ein PUS!

Me henta katten i går, og det ser ut til at ho finn seg vel til ro her. Kitty skal ho heite, det har Astrid Oline og Sigrid Marie bestemt :)

Til og med eit pappahjerte smelta når "likkjetausa" ville kose. "Tenk ha dei vore so små alltid" sa han... So nette atte!!!



fredag 20. august 2010

Give away hos Tonje sitt styr og stell.

Tonje har giveaway på bloggen sin. Gå inn her og ver med i trekninga du og! :)

onsdag 18. august 2010

Kanotur på Vatnevatnet



Eg og pappa hadde oss ein flott padletur på Vatnevatnet forrige mandag.



Då me starta var det "svartestilla" på vatnet og det var kjempeflott å padle lags land!



Hestehornet speglar seg i vatnet, var dessverre for nærme land, så eg fekk ikkje tatt bilde av heile fjellet og spegelbiletet...




Nydelege vassliljer, eller nøkkeroser om du vil...

onsdag 11. august 2010

Mary Ann 10 år i dag!!

Ei jente med mange interesser, men fisking og badeliv står hjartet nærast.
Ei god jente som likar klem og kos med mamma og pappa, men som også synest det er godt å vere heimanfrå ei stund. Ei kjekk storesyste som likar å plage litt;) men som stort sett er flink å hjelpe småsystene. Ei jente som er på veg mot å verte ungdom.

Storejenta til mamma og pappa! Me e kjempeglade i dej Mary Ann!
Gratulere så mykje med dagen i dag! Gler oss til rekeaften i kveld i lag med heile familien!