Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

torsdag 31. januar 2013

Ein blåfrosen laksefiskar...

I kuldeperioden før jul, hadde eg meg ein tur langs Åmdalselva for å knipse nokre bilete. Hadde med meg revykollega Kjell Arne, og oppdraget var underhaldning til Skalkefesten. Teknikken ville sjølvsagt ikkje spele på lag 4.juledag, så me måtte droppe bildeserien som var tenkt. 

Men bileta har eg enda, og eg fekk mange blinkskot. Det var utruleg flott å sjå kor elva hadde frose til, og kor monge rare figurar som dukkar opp ut av rimet. 

Ein blåfrosen laksefiskar ved Skarehølen. Ser unekteleg noko "stiv" ut dinna karen!

Eg har ikkje gått langs elva anna enn der me eig sjølve. Dermed dukka det opp perler som for meg var ukjende. 
Sagfossi på Brautaset. Eit fantastisk lys som gjorde elva trolsk og mystisk.

Dette biletet er eg ekstra nøgd med, og det kan jammen hende det kjem på lerret i stova! 
Berre eg viser litt interesse for å redigere bileta... :)

mandag 21. januar 2013

Anyone out there?

Lenge sida sist ser eg. Snart eit heilt år sidan faktisk. Men eg er her enda. Faktisk.
Eg har hatt litt vanskar med å motivere meg sjølv til å opne datamaskina. Når ein får ein av desse lure smarttelefonane, då er ein i grunnen seld...blogging frå telefon har liksom ikkje vorte mi greie.

Blogging har på ein måte gått litt i gløymeboka kjenner eg, og diverse endringar gjer bloggen uoversiktleg. Skal prøve å sjå om eg får han på rett veg igjen. Burde kanskje bestilt bok av bloggen også?

Ta seg sjølv i nakken ja. Det er ingen andre som kan gjere det for deg!


torsdag 3. mai 2012

Gratulere me dagen paps!


E no vel råd å få sej ei løfse eller to? Eller kanskje litt marsipankake? Eller skal me ta oss en kanotur på Vatnevatne å grille pølse på bål attistaden? 

Gratulere so mykje med dagen pappa, me e veldig glade ti dej!  :)

torsdag 26. april 2012

Tannlegeskrekk?

Astrid Oline var til tannlege no sist mandag. Der kunne dei fortelje at ho hadde veldig liten plass i overkjeven, så 6 årsjekslane kjem ikkje ut på rette måten... Det vil seie dei måtte trekke begge 2.jekslane i overkjeven for at det skulle verte plass... Ikkje ein veldig triveleg beskjed å få. Eg har sjølv trekt jekslar, og hugsar det som veldig ubehagleg.

I dag var d-dagen. Ho har grugledd seg. Veldig spent i dag når ho kom ned til tannklinikken. Skrekkblanda fryd då ho sette seg i stolen. Så fekk ho ein kopp med "sovemedisin", og vart gradvis trøttare og trøttare. Så skulle ho ha bedøvelse på innsida og utsida av tennene. Det var ikkje noko godt, sprøyte inni munnen er faktisk noko av det verste som finst!

Så var det klart for trekking. Både mamma og pappa var der for å halde ho i handa, stryke over håret, tørke tårer som kom fordi det var skummelt...Ein stad mellom søvn og våken tilstand vart tausa to tenner mindre. Det gjekk nesten heilt knirkefritt, eine tanna knakk, så ei lita flis med rot står igjen, men den vil kome av seg sjølv.

No har tausa sove i tre timar, heilt utslått. Vakna no med rumlande mage... Det ser ut til at ho snart er tilbake til seg sjølv. Og bra er det. Eg likar det ikkje når ungane er påverka av medisin.


So gjenstår det å sjå, om Terje Tannfe gir god valuta for tennene. Synest ho skulle hatt mykje penge for dei! Uten hol som dei er! Flinke Astrid-tausa mi! Tøff er du!

søndag 18. mars 2012

Pudderdude!

Me brukte siste helga i vinterferien på ski. Heile familien i sving. Laurdag fekk Sigrid seg ein dag heime. Då brukte me tida på dei to andre og kosa oss i trekket. Pudder, skog og ikkje minst høg fart vart testa ut. Veldig kjekt!

Asgeir var skjere pudderduuden der han fauk rundt i snøven. GODE SKI ALSO!!! :)



Men so var det på ein måte gjort med den helga. Veret har vore skitdårleg siste vekene og når eg i eit anfall av å skulle tøffe meg, tryna so saftig på ski og slo meg halvvegs helselaus, så har skisesongen vorte meir eller mindre avslutta for i år...

So no har me leita fram syklane våre, pussa dei og gjort dei klare for ny sesong. Det vert vel til at eg gjer meg ei kraftig velt på sykkel no då... ;)
Gjer det skikkeleg når ein fyrst gjere det ;)