Astrid Oline var til tannlege no sist mandag. Der kunne dei fortelje at ho hadde veldig liten plass i overkjeven, så 6 årsjekslane kjem ikkje ut på rette måten... Det vil seie dei måtte trekke begge 2.jekslane i overkjeven for at det skulle verte plass... Ikkje ein veldig triveleg beskjed å få. Eg har sjølv trekt jekslar, og hugsar det som veldig ubehagleg.
I dag var d-dagen. Ho har grugledd seg. Veldig spent i dag når ho kom ned til tannklinikken. Skrekkblanda fryd då ho sette seg i stolen. Så fekk ho ein kopp med "sovemedisin", og vart gradvis trøttare og trøttare. Så skulle ho ha bedøvelse på innsida og utsida av tennene. Det var ikkje noko godt, sprøyte inni munnen er faktisk noko av det verste som finst!
Så var det klart for trekking. Både mamma og pappa var der for å halde ho i handa, stryke over håret, tørke tårer som kom fordi det var skummelt...Ein stad mellom søvn og våken tilstand vart tausa to tenner mindre. Det gjekk nesten heilt knirkefritt, eine tanna knakk, så ei lita flis med rot står igjen, men den vil kome av seg sjølv.
No har tausa sove i tre timar, heilt utslått. Vakna no med rumlande mage... Det ser ut til at ho snart er tilbake til seg sjølv. Og bra er det. Eg likar det ikkje når ungane er påverka av medisin.
So gjenstår det å sjå, om Terje Tannfe gir god valuta for tennene. Synest ho skulle hatt mykje penge for dei! Uten hol som dei er! Flinke Astrid-tausa mi! Tøff er du!
Store tid! Modige jenta, altså! Eg måtte også trekke jekslar då eg var lita, huska at det var noko trasig ja, og eg fekk ikkje noko "godt å drikke".. ;) Hadde det vore mine jenter som skulle i ilden hadde eg nok lidd meir enn dei ;) Takk for ei kjekke stund i stallen i dag! Neste gong må du ta med fleire av jentene dine :) klem
SvarSlett