Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

onsdag 10. august 2011

Sommarferie 2011!

I år som i fjor skulle me på campingtur til Sverige. Me hadde lova jentene ein tur til Leksand sommarland ved Siljan med campingvogna til bestefar.

Det vart ikkje campingvogn, men vel ei veke låg me i telt. Me fekk nemleg eit heilt utruleg flott telt i bryllaupsgåve i fjor. Kjempestort og lett å slå opp. Jentene synest det var spanande å ligge i telt, kanskje litt for spanande når det HØLJEregna og torevêret sette i gong...

Første natta leigde me hytte på Bjorli. Me kom oss avgarde litt seint på dag, så fyrste etappe vart kort. Dagen etter fekk me oppleve vår aller fyrste bilsjuke unge...sei ikkje meir om det, anna enn at me frå no alltid har våtserviettar i bilen...


Neste stopp vart ved Femundtunet camping. Her slo me opp teltet og vart verande i to netter. Mary Ann ville prøve fiskelukka i Femunden, men det var for mykje vind til å fare utpå med kano. Humøret steig betrakteleg då bestemor og bestefar kom på besøk til oss på campingen. Dei vart med oss resten av turen også :)


Her fekk me også den uverkelege beskjeden om at Noreg er råka av terror. Eg må innrømme at eg tenkte; "bombe, javel. Det kan ikkje vere så mykje gale." Det vart så fjernt når ein ikkje hadde radio eller tv for hand. Lite visste eg då. Me fekk kome inn i peisestova på campingen og sjå nyheiter på tv. Då fyrst gjekk det opp for meg kor gale det faktisk var... Det såg verkeleg ut som om det var filma i Beirut eller Gazastripa, ei slik total øydelegging hadde eg aldri i min villaste fantasi turt å tenke på at skulle råke Noreg endå ein gong. Vantrua vart difor enda større då me fekk beskjed om at det var 10 drepne på Utøya, og talet steig... Det sette seg ei tung sorg i brystet den kvelden som ikkje kjem til å sleppe taket på lenge.
Eg må innrømme at eg følte meg litt utrygg i teltet vårt den natta.


Ferien vår gjekk vidare, sjølv om me hadde hendingane i Oslo og Utøya med oss heile tida.

Me kom oss til Mora i Sverige og det som skulle verte ei natt på Moraparken camping vart til sju netter. Me storkosa oss med bading, is, shopping, enda meir bading og soling. For me fekk eit fantastisk vêr. Gradestokken passerte 30 grader, og sola farga dei bleike kroppane gyldne. Utruleg deilig! Jentene storkosa seg heile ferien, og Mary Ann fekk seg til og med nye campingvener.


Turen heim gjekk i eitt. Me køyrde rett heim og var heime i 03 tida søndags morgon. Å legge seg i senga si etter vel ei veke i telt, var faktisk FANTASTISK!


Her er nokre av den MANGE bileta frå turen vår. Fleire kjem nok seinare :)










Ein ferie me ikkje kjem til å gløyme verken på godt eller vondt.

Varme tankar går til alle dei har misst og som er skadde etter tragedien i Oslo og Utøya

tirsdag 12. juli 2011

Æsj...

Får ikkje til bloggen slik eg vil...

Tek ferie til lysta og den evig fråverande kreativiteten min brått dukkar opp.

Ha ein henrivande sommar, med regn, tore og lyn og det som måtte fylgje med! :)

søndag 10. juli 2011

Vår fyrste bryllaupsdag, 10.juli 2011




Så er det eit heilt år sidan me endeleg sa ja til kvarandre. Det kjennes ut som om det var i går...


Dagen var heilt nydeleg og eg skulle gjerne opplevd han ein gong til :)



Fyrste bryllaupsdagen heiter papirbryllaup. Så det hadde vore kjekt om han kom med ein overraskande flybillett?....eller kinobillett?


Men eg hadde rett i mine bange anelsar, så eg måtte sørge for blomane sjølv... ;)




Elska dej Asgeir <3






onsdag 29. juni 2011

Du skal ikkje tru det vert sommar

Du skal ikkje tru det blir sommar, før vi jagar vinteren bort

og gjer slik at sola får skine, så det kan bli sommar litt fort.

Eg trollar så blomane blømer, og graset blir grønt kvar du går.

Ta av deg dei støvlane dine, eg sopte bort snøen i går.



Eg gjer mykje vatn i bekken som hoppar og brusar av stad.

Eg gjer fullt av svaler i lufta og myggar som svala kan ta.

Eg gjer nye lauvblad på trea, og fullt opp av fuglereir små.

Eg gjer himmelen vakker om kvelden, heilt rosa, med gullskyar på.


Og jordbær det gjev eg til barna, for det meiner eg dei skal få,

og andre små artige saker som passer når barna er små.

Så lager eg festlege stader der barna kan springe så lett,

og da blir dei fulle av sommar og beina av hopp og av sprett.



Tekst: Astrid Lindgren/Halldis Moren Vesaas


torsdag 9. juni 2011

Bil til sals...35000kr

Det er med litt tungt hjarte me skal selje godebilen vår... Me har kjøpt oss ny bil, så den gamle må vike.


Bilen er behandla med djup kjæleik. Vaska og polert med omtanke, oljeskifta med varsam hand, og slitedelar skifta med jamne mellomrom for å hindre slitasjegikt. Han er litt kjefta på, men det var ikkje alltid like rettferdig...sjåføren må også ta litt skuld av og til...


Han er ikkje gått så langt, berre 150000km, og til å vere ein eldre herre (1996 mod) er ikkje dette lange vegen! Det er altså mykje bil igjen for nokon som vil ta seg godt av han.


Litt teknisk info; bilen heiter VW Passat 1,9 TDI Court. 90hk, men chippa til 115 hk. Lite rust i karosseri, nettopp fått ny frontrute, ny startmotor, nye bremsecaliper og slangar bak.

Skifta støtdempara bak i fjor, nye styrekuler framme og nettopp justert forhjulstillinga.


Interesserte kan legge igjen kommentar med kontaktinfo.