Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

onsdag 26. mai 2010

17.maifeiringa vår!

Litt seint ute med 17.mai'en våra, men betre seint enn aldri??

Dagen starta tidleg, og etter frukost var det tid for å kome seg i bunadane. Gjekk og sa heile dagen at me måtte ta eit familiebilete av alle i bunad...men det skjedde sjølvsagt aldri.


Mary Ann brukar bunaden som svigermor sydde til eldste jenta si. Den er over 40 år gammal!


Astrid Oline har på seg jentebunaden eg brukte som lita taus, og så har ho fått forkle i hardangersaum med besta/svigermor!

Det var ein kald og sur 17.mai, så når barnetoget var over, var det godt å kome seg opp på bedehuset å få kjøpt seg kake og kaffi. Gjekk med nokre isar også!


Sigrid Marie kosa seg med kake, stort sett alt gjekk ned!


Asgeir og pappa diskuterar viktige affærer. Asgeir fekk seg Ørstabunad med meg i år. Planen var at han skulle stå som brudgom i bunaden, den som lever får se ;-)


Til slutt på dagen var me hos Janita og Bernt Inge. Ho hadde laga marsipankake, og ho fekk god hjelp til verte kvitt den. :-)

Ein veldig triveleg 17.mai sjølv om veret var so som so. Avslappa og fin, og me kosa oss heile gjengen.

(PS. Det gjekk ikkje lenge før både 5 bunadskjorter å to hardangerforkle såg ut som dei aldri har sett verken vaskemiddel eller strykejern!!)

torsdag 20. mai 2010

Bryllaupsløfser!



I går hadde eg og svigermor bakedag. Då var det bryllaupsløfsene som skulle ordnast.



Me brukte ca 3,5 time på 36 løfser, inkludert kaffipause med prøvesmaking :-)


Det gjekk bra radigt med både baking, steiking og smøring. Ikke alle løfsene vart like fine, men ein må ha litt smaksprøver ikkje sant??




I og med at eg bur i lag med ein "løfserøv", så har eg merka pakkane med BRYLLAUP før eg la dei i frysaren. Så får me sjå om det har minka av ladet før dagen er her ;-)
Søsten er også klar og han er kjempegod!! :-)

søndag 16. mai 2010

HURRA!! Skjortestrykareksamen bestått!!


Då er dei FEM bunadskjortene våra ferdig strokne...men om dei er strøkne får bli opptil fagfolk å vurdere (ser ikkje sånt folk her og no, så då sei me at jobben er godkjent...)

Eg må nok vere sopass ærleg at eg innrømme at det vart litt negativitet og høglytt irritasjon under arbeidet, men etter forholda har både strykebrett, strykejern og alle skjortene det bra!! ;-)
Så får me satse på finevêr og mykje is i morgon.
Me vert nok pene i tøyet alle mann....så lenge det varer!!!
Gratulerer med dagen til alle mine lesarar! HIPP HIPP HURRA!!!

mandag 10. mai 2010

Likkjemerra på Mo


Den 29. april kom det eit maraføl til verda på Mo. Syskenbarnet mitt kjøpte hest tidlegare i år, og venta i spaning på om det var merr eller hingst som skulle kome...

Hestehår og spiker har vore pendla over merra Camilla, og det såg ut til å verte eit hingsteføl, men det var eit nydeleg maraføl som kom til verda kl 02.30 natt til 29. april.



Gratulerer til mora Camilla og eigaren Monika.



No er det berre navnet det står på...alternativa skal eg ikkje røpe, medan me ventar kallar eg ho berre Likkjemerra ;-)






fredag 7. mai 2010

Eit lite wienerbrød...



Eg og Sigrid Marie hadde ein dag for oss sjølve. Ein av dei dagane det var sol og fint, men som hadde snøbyger truande i fjella rundt oss.

I staden for å fare på kafè, så lage me oss kafè heime. Stundom kan det vere like kjekt og koselig som å travle av stad til ein overfylt kafè, der ein må rope til kvarandre for å verte høyrde.

Det kan vere like koseleg å vere heime å nyte ein fin vårdag!!