Men bileta har eg enda, og eg fekk mange blinkskot. Det var utruleg flott å sjå kor elva hadde frose til, og kor monge rare figurar som dukkar opp ut av rimet.
Ein blåfrosen laksefiskar ved Skarehølen. Ser unekteleg noko "stiv" ut dinna karen!
Eg har ikkje gått langs elva anna enn der me eig sjølve. Dermed dukka det opp perler som for meg var ukjende.
Sagfossi på Brautaset. Eit fantastisk lys som gjorde elva trolsk og mystisk.
Dette biletet er eg ekstra nøgd med, og det kan jammen hende det kjem på lerret i stova!
Berre eg viser litt interesse for å redigere bileta... :)
Veldig gode bilete, begge to! :) Velkomen attende til blogglandia ;)
SvarSlettSå nydeleg :) Hei, eg visste ikkje at du òg har blogg! :) Klart eg må følgje deg! :)
SvarSlettI dag kan du lese om signeringa i Volda i Møre :)
Sjølv takk for ein kjempekoseleg venninnefest. Det var så utruleg godt å få god tid ilag med deg og dei andre igjen. Som eg saknar dykk når eg bur så langt vekke! Heilt klart at vi må få i gong venninneturar :)
Stor klem, Kristin