Det er dagen før første nattevakta mi, å mi sunne fornuft seier "GÅ Å LEGG DEG", men lysta til å ta på seg ski og traske seg ein tur på Åmskaret held på å overdøyve fornufta.
Minusgradene har stege til -7 og det er flotte forhold for skitur!
Sola skin frå skyfri himmel og det er den beste vinteren som har vore på mange mange år! Er det rart ein vert litt ambivalent?
Trur nok dessverre at fornufta sigra denne gongen, men det skal ein ikkje vere så sikker på ein annan gong!
I fylgje meldingane skal det fortsette med kaldt vintervêr utover veka, men ikkje like kaldt som det har vore siste vekene. Det blir nok skitur i løpet av veka tenkjer eg;-)
Men eg trur alle må innrømme, det er kjekt med skikkeleg vinter igjen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)