Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 17. februar 2009

Ut i arbeidslivet igjen

Etter to år ute, er eg no tilbake i jobb som sjukepleiar. Det vart heimetenestene i Volda kommune som trakk det lengste strået, og det er eg glad for. Kjekke kollega og god leiing gjer at dette er ein av dei betre plassane eg har jobba.
Ny jobb er alltid spanande, og mykje nytt skal lærast. Eg merkar at ting eg trudde eg hadde gløymt, kjem fort igjen og det er veldig kjekt å sjå. Då har eg faktisk fått med meg noko kunnskap!
Kjekt å byrje i jobb igjen i allefall! Blir peng i kassa av det også, og det er no absolutt ein bonus!! :-)

2 kommentarer:

  1. Gratulere me nye og kjekke jobb! Godt å få litt inn på kontoen.... tenkji..
    Ej grur no mej litt ej då...te å bjynde for follt igjen..konna godt tenkt mej å vore heime et år te...

    SvarSlett
  2. Du skal berre vite d Anette, me sette utruli stor pris på at du kjøme igjen!! Seikje meir ej, du veit ka ej meina!! Men forstår godt at du vil vere heime et år til. Men du fe sjå på den lyse side, d e snart sommarferie :-)

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)