Tanta til Asgeir gjekk bort 14.september, av brystkreft.
I høve gravferda har svigermor spurt om eg vil syngje ein salme av Johannes Kleppevik;
"Eg har ein engel". Denne salmen er fantastisk vakker, og teksta speglar nok mykje av livet til tante Eva. Eg håpar at eg kan klare å synge den, og at Asgeir maktar å traktere trekkspelet sitt i lag med.
Dette blir den siste helsinga til tante Eva frå oss.
Eg har ein engel med meg på vegen
Han var der frå fyrste stund
Frå vogge til grav han lyser
Til slutt i min siste blund
Eg har ein engel med meg på vegen
I ungdom og song og vår
I livet han fylgjer med meg
I gode og tunge år
Eg har ein engel med meg på vegen
Når kvelden vert vond å gå
Han styrer mitt steg i natta
For dagen eg takkar då
Eg har ein engel med meg på vegen
Når livet mitt ebbar ut
Han syner meg himmelstranda
Her er ikkje sorg og sut
(Dersom de vil høyre melodien, gå inn på koblinga under og høyr Odd Arne Halaas synge den. Får dessverre ikkje lagt han inn på bloggen...)
http://www.youtube.com/watch?v=xwuCsNFB510
- Gjengen framma dala
- Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!
søndag 27. september 2009
onsdag 9. september 2009
Fakirfakter!
Bildet er lånt frå abilicaonline.noTa ein tur innom http://kalimerablogg.blogspot.com/ og ver med i konkurransen om å vinne ei Shaktimatte!
Den er faktisk ikkje så verst å liggje på...og du blir mjuk og fin i kroppen!
mandag 17. august 2009
På sykkeltur med fisk i sekken:-)
Søndag for to veker sidan pakka me i sykkelvogna og sykla ein lang tur. Me hadde tenkt oss til Berkneset, men såre lår og romper stoppa oss på Sørheim. Til og med onkel Odd var med på tur!!
I krysset der ein kan køyre rundt Berkneset eller opp til Eiksundsambandet, har dei fylt ut i sjøen, og det har laga seg ei fin strand. Lita og smal, og passar best ved fjøre sjø, men utan tang og tare(så lenge det varer) og grunt eit stykke utpå.

Mary Ann syntest det var stor stas å få fisk. To makrellar vart det, og dei smakte godt og!!! Mary Ann veit at når ein fiskar, så må ein ta arbeidet etterpå også. Ho både knekte nakken og spretta fisken slik det sømmer seg ein ekte fiskar!
fredag 14. august 2009
Smeis kor tida går! Storetausa har vorte 9 år!!
Eg synest det er ikkje så lenge sidan Mary Ann var nyfødd, og me prøvde og feila oss fram som foreldre for første gong. Tida har gått utruleg fort, og ho har vorte ei kjempeflott jente. Mary Ann er kjempeflink storesyster og ei godjente for mams og paps.
Bursdagsgåva frå oss var billettar til "Walking with dinosaurs" i Oslo Spectrum i oktober, med fly og to netter på hotell!! Gjett om tausa vart glad! Då eg spurde kva ho ønska seg, var det ein ny gullfisk eller ein fjernstyrt augestikkar(kva no enn det er...)Men då ho fekk billettane og las kva som stod på, så utbraut ho:Ja men ditte e no mykje beire!! Då visste eg at det var full klaff.
Kanskje ei dyr og litt for svær bursdagsgåve, men dette er ein once in a lifetime-opplevelse. Og så gjer det ingenting at mams og paps også vil sjå showet! :-)

Gå inn å sjå litt av showet her:
http://www.youtube.com/watch?v=m_9GnP-lhaY
onsdag 15. juli 2009
By the way!!!
Åmdal trekkspelklubb kom på 8.plass i NM, ei grei plassering.
Idar Vatne(Ørsta/Åmdal trekkspelklubb) og Odd-Arne Halaas(Averøy) kom på 2.plass i gammeldansgruppe.
Kristina Leite(Ørsta/Åmdal trekkspelklubb) tok gull i blanda gruppe, i eit orkester samansett av folk frå heile fylket.
Gratulerer så mykje til dokke!!!

Abonner på:
Innlegg (Atom)